I tidlegare tider var det ikkje uvanleg å drive med isfiske i dei indre delane av Masfjorden. I dag er det meir sjeldan at ein ser det.
Ein viktig årsak til det er truleg at istilhøva vart endra etter som kraftproduksjonen på Matre førte med seg at store mengder oppvarma vatn vart ført ut i fjorden. I Matresfjorden og Haugsdalsfjorden er det sjeldan at det legg seg bærande is no om åra. Men lenger ute, i Haugsværfjorden, kan isen framleis verte tjukk nok dersom det berre er kaldt nok lenge nok. Og her finn ein framleis folk som tek seg ein tur utpå for matauken og sporten si skuld.
I opptaket nedunder, som Arne Høyland gjorde i 2013, syner Gunnar Svein Haugsvær korleis tradisjonelt isfiske gjekk for seg. Arne har lagt til sine eigne kommentarar som tekst på filmen. Dessverre er delar av filmen utan lyd.