Arne Høyland er ingen masfjording. Likevel har få engasjert seg meir i å dokumentere og formidle kultur og folkeliv i Masfjorden enn han.

I løpet av dei siste tiåra har Arne Høyland lagt ned eit stort dokumentasjonsarbeid gjennom å intervjue folk og skrive ned, fotografere og ta opp på video. Og det han har samla inn, har han raust delt med andre. For ikkje berre har han gjort eit stort dokumentasjonsarbeid. Han har også gjort eit eineståande arbeid med å formidle informasjonen. Og det har skjedd på mange vis :

Han var ei svært viktig drivkraft i arbeidet med å registrere båtar og bruk i Masfjorden, og stod sentralt i arbeidet med å lage til den fine båtsamlinga som Masfjorden kommune har i det gamle nothuset på Masfjordnes. Og framleis driv Arne med å gi folk omvisning i lokala og kunnskap om det ein finn der.

For ein del år sidan hadde han eit undervisningsopplegg som han kalla «Du finn oss i naustet». Her vart elevar ved skular i Nordhordland inviterte med til «skattejakt» i naust i lokalmiljøet, og Arne kunne fortelje mykje om det dei fann rundt om, der og då. Og det er ikkje lite av det Arne veit som er blitt nedfelt i songtekstar.

Men her skal det fokuserast på den delen av kulturformidlinga hans som skjer via internett. Nedunder er det eit knippe peikarar til filmar Arne har lagt ut på Youtube, saman med ein liten presentasjon av kvar av dei. Dei utgjer ein liten del av alt det Arne har lagt ut, men syner vonleg noko av spennvidda i kulturarbeidet hans.

Til sist : Kva ligg i uttrykkjet «kulturevangelist»? Ein evangelist er ein formidlar av ein glad bodskap. Og den glade bodskapen Arne formidlar, er verdien av den kulturen vi er ein del av, og som vi har eit ansvar for å ta vare på og vidareutvikle.

Og her kjem då ei liste med peikarar til videoar Arne Høyland har laga med emne frå Masfjorden – pluss nokre med emne litt utanfor kommunegrensene våre. Nyt dei!

Sommarscena i Masfjorden er blitt eit etablert kulturtiltak, og omfattar konsertar og utstillingar ...
Det finnest mange folkelege råd om praktiske gjeremål. Her presenterer Arne Høyland eitt av dei ...
I tidlegare tider var det ikkje uvanleg å drive med isfiske i dei indre delane av Masfjorden. I dag er ...
Potetåkrar vert det stadig færre av, også i Masfjorden. Men på garden Bergsvik finnest sorten ...
Arne Høyland – ein kulturevangelist