Sommarscena i Masfjorden er blitt eit etablert kulturtiltak, og omfattar konsertar og utstillingar.

Også desse har Arne Høyland vore med på å dokumentere. Nedunder er det nokre glimt frå eit par av konsertane. Sommarscena har hatt eit godt samarbeid med Folkemusikkfestivalen i Førde. Dette samarbeidet har gjort at det i regi av Sommarscena er komne gjestar som er vane med arrangement av langt større format enn vi kan få til her i Masfjorden. Men det har vore gjennomgåande svært gode attendemeldingar frå dei gjestande kunstnarane. Dei har følt seg velkomne, og har opplevd dei intime lokala som ein litt eksotisk, men god konsertarena.

Til dømes fekk Masfjorden i 2013 besøk av den kanadiske gruppa «Le Vent du Nord». Desse kom direkte frå Førde, og skulle deretter på turnear i England og USA. Men fyrst altså, ein tur innom eit nothus i Masfjorden. Og Arne var til stades og dokumenterte konserten.

Eit anna, og endå meir intimt konsertlokale er tørkeloftet i det lokale fargeriet. Også har det vore mange flotte musikarar – Sigrid Moldestad er ein fin representant for dei. Her eit utdrag frå ein av konsertane med henne.

 

Opptak med vener frå andre stader enn Masfjorden