… og alvor kun alvorligt, han og hun har faktisk fattet begge deler dårlig. (Piet Hein )
TV2 Nyheter skreiv fredag 26. februar om to pakistanske flyktningar i Aten som prøvde ta sine eigne liv ved å henge seg – artikkelen kan ein lese ved å peike og klikke her. Reaksjonane let ikkje vente på seg : «Inn samling av penger så vi får kjøpt mer tau.» «Mal di gule og kall dæm før påskepynt.» Dette er sitat frå kommentarfeltet på TV2 Nyheter si Facebookside.
TV2 Nyheter fylgde opp saka – les meir om det ved å peike og klikke her. Då nokre av kommentatorane vart konfronterte med det dei sjølve hadde skrive, hevda dei at det var meint som ein spøk. Ein spøk – javel?
Det er tydeleg at desse ikkje forstår kva det ordet tyder. Det burde dei lære seg, raskast råd. Og med det same burde dei kanskje lære seg tydinga av det gode norske ordet «skjemdarvit»?