Årsmøtet i Oslo FrP vedtok den 6. februar 2016 eit framlegg om innstramming av norsk asylpoltikk. Framlegget er utforma som ei liste med totalt 30 ulike tiltak. Internering av alle asylsøkjarar er eitt av tiltaka. Internering av menneske på grunnlag av bakgrunnen deira har vi ikkje hatt i Noreg sidan 1945.

Stortingsrepresentant Mazyar Keshvari argumenterte mot interneringsframlegget av omsyn til dei økonomiske kostnadane med ei slik ordning. Men ein kan merke seg at innstrammingsforslaget vart samrøystes vedteke.

I 1986 kom Mazyar Keshvari til Noreg som femårig flyktning med familien sin frå Iran. Når han no sjølv har klatra opp finn han det tydelegvis opportunt å trekkje opp stigen etter seg.

07.02.16 : Eit stigespel for vidarekomne