Austefjellet er ikkje det høgaste fjellet i Masfjorden. Sikkert ikkje det vanskelegaste å gå opp på, heller.
Likevel : av ein eller annan grunn har eg fått det for meg at dette var i meste laget for meg. Men ein vakker dag i mai 2014 inviterte kona mi meg med på ein tur opp på fjellet, og det viste seg å verte ein kjekk tur med mange fine opplevingar undervegs.
No skal eg ikkje underslå at eg synest turen var litt tung. Men desto meir synest eg at eg fortente belønninga på toppen – litt mat og drykk i omgjevnadar som var heilt fantastiske. Biletserien nedunder er kanskje ein liten indikasjon på det.
Tur til Austefjellet