John Singer Sargent: Carnation, Lily, Lily; Rose

Eit årsskifte er for meg fylt med ulike kjensler: Ei blanding av takksemd for og vemod over det som har skjedd i året som har gått, og forventningar til det som skal skje i året som skal kome.

For eg har forventningar til det nye året – eller rettare: Eg har forventningar til meg sjølv i det nye året. Men med tanke på alt eg ikkje fekk til i året som gjekk, kor store forventningar skal eg våge å ha?

Det er då tankane går austover, til den store russiske diktaren Aleksandr Isajevitsj Solzjenitsyn si bok «En dag i Ivan Denisovitsj» liv». Ivan Denisovitsj var ein politisk fange i ein av Stalin sine leirar i Sibir, og leid under eit hardt regime.

Ein dag skulle det byggjast ein mur. Utfordringa var kulden. Det var så kaldt at mørtelen raskt ville fryse til is. Skjedde dette før mursteinen var komen på plass, var det uråd å få lagt mursteinen. Kunsten var å halde ein murstein i eine handa, hente opp høveleg mengd med mørtel på murarskeia, få lagt denne akkurat rett på plass, og endeleg få lagt steinen nedpå før mørtelen vart til is.

Dette måtte skje i ei samanhengande rørsle, og ein kunne ikkje konsentrere seg om noko anna. Berre om murarskei, mørtel og murstein. Same rørsla, gong etter gong, stein på stein.

Men då dagen var over, stod muren der. Og han var bygd slik han skulle vere.

Moralen i denne historia er for meg denne: Det er nok å ta ein dag om gangen, og gjere det beste ut av den. Av og til er sjølv det meir enn enn ein kan klare. Men då får ein setje sin lit til dagen som kjem etter.

Erik Bye har sagt dette så vakkert i diktet «Vår beste dag»:

Kom og lytt til lyset når det gryr av dag! Solen løfter sin trompet mot munnen.
Lytt til hvite sommerfuglers vingeslag: Denne dag kan bli vår beste dag.
Stien som vi gikk i går er like ny, hemmelig som ved vårt første morgengry.
Mangt skal vi møte og mangt skal vi mestre! Dagen i dag den kan bli vår beste dag.

Kom og lytt til dypet når vi ror mot land! Hør maneten stemmer sine strenger.
Løfterik er tonen i et fiskevak: Denne dag kan bli vår beste dag.
Fjorden vår er like ny og blå og blank. Blikket ditt er fritt og ryggen like rank!
Mangt skal vi møte og mangt skal vi mestre! Dagen i dag – den kan bli vår beste dag.

Kjære lytt til mørket når vår dag er gått. Natten nynner over fjærne åser.
Mangt har dagen skjenket oss i stort og smått, mer, kan hende, enn vi har forstått.
Månen over tun og tak er like ny, men tier stille om vårt neste morgengry!
Mangt skal vi møte og mangt skal vi mestre! Dagen i morgen skal bli vår beste dag!

Kan hende vi skal la Erik Bye si stødige poethand føre oss inn i det nye året. Både den vakre visa hans og måleriet av John Singer Sargent kan vere ei påminning om at når vi tek til i det nye året, er vi ferdige med dei tre mørkaste vekene. Vi går lysare tider i møte.

Godt nytt år.

Måleriet som er attgitt over, er av den engelske målaren John Singer Sargent. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Attende til Romjulstankar
Dagen i dag – og dei andre dagane