8. august 2017 fekk eg vere med på ei storhending i Gulen kyrkje, Eivindvik : Sigrid Moldestad med band heldt konsert med nynorske salmar. Og folka i bandet var ikkje kven som helst : Mest merittert er nok engelskmannen B.J. Cole på pedalsteel. I tillegg til å ha gitt ut fleire plater på eiga hand, har han delteke på plateprosjekt med slike artistar som Elton John, Uriah Heep, Björk og Sting. Men Sigbjørn Apeland, som har spelt mellom anna på trøorgel saman med Sigrid i mange år og Kåre Opheim, som spelte på trommer, er også svært fine musikarar.
Til saman skapte dei ei musikalsk oppleving som nok vil verte hugsa lenge hos dei som var til stades. Og det dei framførte, var (med eitt høgst heiderleg unntak ) henta frå den nynorske salmeskatten vår. Nye salmar vart framført saman med salmar skrivne av dei store klassiske nynorske salmediktarane våre, som Anders Hovden og Elias Blix. Melodiane til nokre av salmane var komponerte til den aktuelle salmen, medan andre var norske folketonar. Og jamen santen hadde det også snike seg inn ein irsk melodi og ein munter dansmelodi frå Tyskland. (Ja, tonen til «Fagert er landet» er høgst sannsynlegvis ein sokalla gaillard, ein spretten dans som var mykje populær i Europa på 1500- og tidleg på 1600-talet. Nynn melodien i dobbelt tempo og med litt rytme, så merkar du fort danserytmen i melodien.)
At desse nynorske salmane har hatt og framleis har eit godt grep om hjarterøtene til folk fekk ein eit godt døme på ved avslutninga av konserten, då alle i kyrkja stod og song saman «Fager kveldssol smiler», utanboks, og med alle versa.
I tillegg til å framføre salmane på ein framifrå måte, ga Sigrid oss ein lita innføring i den nynorske salmetradisjonen. Ho nemnde mellom anna fyrste gongen ein salme vart sungen på nynorsk i ei kyrkje – og det endåtil uløyves. Dette skjedde i Lårdal i Telemark i 1864, på fyrste juledag. Og songen som vart framført den gongen, var «No koma Guds englar». Snakk om protestvise…
Forteljinga om julesalmen fekk meg til å tenkje på juletradisjonane i heimen vår. Av ein eller annan grunn er det underteikna som har fått ansvar for å pusse sylvtøy, samt lysestakar og anna nips av messing og kopar, til jul. Det er ei keisam oppgåve, men særleg rike på den slags jordisk gods er vi ikkje, så oppgåva er overkomeleg. Og eg får løn for strevet, både medan eg driv på med pussinga og etterpå, når jobben er gjort. Eg får tid til å sjå på kor fine og forseggjorte dei er, nokre av desse tinga som vi elles i året knapt vører eit blikk – og lysestakane som vi så altfor ofte sølar stearin på. Eg får tid til å tenkje på ulike historier knytte til dei ulike gjenstandane, historier som høyrer familien min til. Og når dei er ferdig pussa, står dei der og blenkjer og gjer stova ekstra julefin.
Eg synest det Sigrid Moldestad har gjort med dei nynorske salmane, er noko av det same. Ho har teke dei fram, ein etter ein, og gitt dei ein kjærleg omgang med musikalsk polering. Så har ho lyfta dei fram for oss andre, slik at vi kan sitje der nyte resultatet, og glede oss over at vi har slike skattar i vår eigen kultur.
I ei tid der folk er så uroa over korleis det skal gå med kulturen vår, står Sigrid Moldestad fram med botevon for den uroen : Ta fram det vi har av kulturell ballast, og ta ballasten i bruk! Så kan vi glede oss over at noko av den ballasten kjem andre stader frå, slik den irske og tyske melodien var to famifrå døme på.
Tusen takk skal du ha, Sigrid. Du gjer ein viktig jobb.
Bileta i artikkelen er tekne av underteikna før og under konserten. Større versjonar av bileta ser ein ved å peike og klikke på dei.