Noreg er velsigna med to likestilte norske skriftspråk. Denslags vert det bråk av.
I ein leiar i Bergens Tidende den 28. mai 2015 med tittelen «Nynorskhovedstaden» gjev avisa si støtte til eit vedtak i bystyret i Bergen om å gå inn for sidemålsundervisning alt frå tredje klassetrinn. Dette er eit syn eg deler. I praksis vil dette for Bergen by sitt vedkomande i all hovudsak bety undervisning i nynorsk. Avisa legg vekt på at dette kan bidra til auka forståing, og til å fjerne fordommar.
At det siste er eit ikkje uvesentleg poeng, vart tydeleggjort av ein del av kommentarane som kom til denne leiaren. Eg har ein mistanke om at nokre av desse kommentarane var grunnen til at kommentarfeltet vart stengd etter nokre få timar.
Sjølv har eg skrive bokmål frå eg tok til å skrive til dess eg var ferdig med utdanninga mi frå lærarskulen. Seinare har eg for det meste undervist i nynorskkommunar, og har vore nøydd til å skrive nynorsk dagleg.
Det er eg svært glad for. Eg opplever at nynorsk har hatt positiv innverknad på mi evne til å uttrykkje meg skriftleg – også når eg skriv på bokmål, noko eg gjerne gjer når eg synest det er på sin plass. Difor meiner eg at det å verte fortruleg med nynorsk er til gagn for alle, også for dei som nyttar bokmål i det daglege. Og eg er ikkje åleine om å meine dette – jfr. denne artikkelen frå 2013 om bruk av nynorsk i jus.
Eg kan forstå at einskilde oppfattar nynorsk som vanskeleg, og skal ikkje underslå at arbeidet med det kan opplevast som keisamt. Men det er gjerne slik at læring krev innsats, uansett kva ein skal lære seg. Og løna ein får att for strevet med nynorsken er sannsynlegvis ei betre evne til å uttrykkje seg skriftleg, anten det skjer på nynorsk eller bokmål. Det er slett inga dårleg løn!
Biletet oppe på sida er teikna av Arthur Rackham. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.