Torsdag 7. april vart innvandrings- og inkluderingsminister Sylvi Listhaug intervjua i Politisk kvarter på NRK1. Eit emne som gjentekne gongar kom fram i intervjuet, var ministeren sin omtrentlege omgang med innhaldet i ein forskningsrapport. Forskarane bak rapporten hadde sagt frå om at det ministeren hevda på grunnlag av innhaldet i rapporten, var det stikk motsette av det dei sjølve hadde konkludert med.
Vidare vart det påpeika at når datagrunnlaget i rapporten ikkje ga ministeren si saksframstilling ryggdekning, vart det spedd på med anekdotisk materiale. Dette kom klårt fram i intervjuet. Ein kan høyre intervjuet med ministeren ved å peike og klikke her.
Intervjuet har i ettertid vakt reaksjonar. Ein av desse reaksjonane stod på trykk i Telemarksavisa. Den kan ein lese ved å peike og klikke her.
Eg kan berre slutte meg til det innsendaren i Telemarksavisa skriv, og vil kun leggje til : Ein avkledd minister er ikkje eit vakkert syn!