Einskilde dikt opplevest som stadig like aktuelle. For meg er dette diktet eitt av dei.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at dess lenger ein får leve, dess eldre vert ein. Og med alderen kjem opplevinga av at livet fører med seg stadige endringar. På nokre område er endringane store og mange. Det å få barneborn, til dømes, er eit døme på ei stor endring i livet.

På andre område kjem endringane ikkje. For nokre år sidan fann eg eit lite dikt om dette. Det rørte ved noko i meg fyrste gongen eg las det. Av og til leitar eg det fram og les det om att, og den dag i dag kjenner eg meg igjen i det som står der. For meg er dette eit stadig like aktuelt dikt.

 

Alders lille spøk

av Emil Boyson

Dersom du stanser ved mitt hjertes hus
(grå gamle vegger ungdommen går forbi
på vei mot det skimrende tårn i horisonten)
da vil alle syv låser lystre med fryd
nøklen du ennu gjemmer, og festlig vidt
vil portene springe opp, og salen der-inne
er ennu smykket til høitid i dine farver.
Hvis ungdommen så det, smilte den et sekund
og tenkte på noe annet; men huset er stengt for den.
Den lille hemmelighet som ingen merker,
spøken som knapt er værd at vite om,
og som skal dø med mig (O, kommer du ennu
innen veggene faller?) – er bare dette:
at det er skjønt at bli en gammel mann
så lenge Du har nøklen til mitt hjerte.

Biletet på toppen av sida tok eg i Madrid hausten 2014. Det er to grunnar til at biletet er vist her. Den andre grunnen er det som står på bereposen.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
Emil Boyson : Alders lille spøk