Eg er veldig glad i dikt. Her har eg samla eit knippe av dei eg er mest glad i.

Dette er dikt som har fylgd med meg gjennom livet i kortare eller lengre tid. Einskilde har vore fylgjesvenene mine i meir enn eit halvt århundre. Andre er nye kjenningar.

Du vil finne dikta via menyen nedunder. Etter kvart som nye dikt vert lagt inn, vert dei synlege øvst i menyen.

Kvart dikt er markert med ein overskrift – som regel sett saman av namnet på forfattaren og tittelen på diktet. Når du peikar på overskrifta, opnar ei side med diktet seg.

Når du har funne eit dikt du vil lese, peikar og klikkar du på overskrifta som høyrer til.

Biletet oppe på sida er teke av underteikna ved Glengja i Gulen kommune.