Dikt kan ein kome til å møte på dei mest uventa stader. Dette diktet hang på ei oppslagstavle på eit kontor.

I dag fekk eg lese diktet som er attgitt nedunder. Forfattaren heiter Arne Sørheim. Han veit eg ingen ting om.

Eg veit heller ikkje mykje om Margrete som dette diktet er stila til, ut over at ho hadde vore rektor ved ein skule. Diktet var teke med i ein nekrolog som skulle trykkjast i Bergens Tidende. Men her var dette diktet utelate.

Eg synest det er synd, for det er eit flott dikt. Det er eit dikt om ei som har vore stor for dei ho var nær. Og å vere meir enn det er kanskje ikkje noko vi skal trakte etter?

Til Margrete

Du såg det store i dei små.
Du fann det kjære i dei nære.
Du heldt helg i kvardag grå.
Du bøtte hol i såre minne,
du nytta hjartetrådar linne.

Du tok ofte tyngste taket.
Du letta bør frå bogen rygg.
Du let din neste få det meste.
Du synte tolsemd, mot og styrke.
Du meistra livsens trauste yrke.

 

Arne Sørheim

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit bilete eg tok av ein gardsveg i Jølster.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Arne Sørheim : Til Margrete