Folk er ikkje dumme – stort sett. Å anklage folk som meiner og trur noko anna enn det ein sjølv meiner og trur, for å vere uopplyst eller beint fram dumme, synest eg difor er usakleg og respektlaust. Men det er eit fenomen eg nesten dagleg møter på sosiale media.

For eigen del trur eg at mykje av usemja om ei rekkje emne skuldast to faktorar:

Den eine er kunnskapsgrunnlaget. I ei verd der mengda av informasjon aukar med meir enn kvar og ein av oss evnar å ta inn, vil det vere slik at det vert stadig meir informasjon vi ikkje vert kjende med. Det har også den konsekvensen at kunnskapsgrunnlaget kvar einskild av oss har om eit saksområde, vil vere meir eller mindre ulikt.

Det andre er vurderingsgrunnlaget. Korleis vi vurderer informasjonen vi møter, vil også vere meir eller mindre ulikt. Det vil variere med kva annan kunnskap vi har, og i nokre tilfelle vil ny informasjon verte vurdert opp mot våre haldningar, verdiar og normer.

Difor er eg ikkje forundra over at folk går ut og høglytt hevdar ting som etter mi oppfatning ikkje kan stemme. Eg forstår at dei kan ha danna seg ei anna oppfatning enn eg. Og eg synest det er heilt i orden at dei målber det dei trur på – også når eg oppfattar det dei hevdar som å vere reinhekla tøv.

Men av og til stussar eg på kva som skjer – eller rettare sagt: kva som ikkje skjer. Ta til dømes korleis folk vurderer klimautviklinga på jorda. At jorda vert varmare, burde etter kvart vere tilstrekkeleg dokumentert til at dei aller fleste har fått det med seg. Det same gjeld at oppvarminga har konsekvensar, og at konsekvensane kan vere truande for eksistensen vår.

Mange peikar på menneskeleg aktivitet gjennom utslepp av klimagassar som ein hovudgrunn til at dette skjer. Andre har alternative teoriar: Til dømes vil einskilde ha det til at temperaturauken skuldast naturlege, sykliske endringar, framskunda av solaktivitet eller påverknad frå månen.

Eg har prøvd å setje meg litt inn i kva som talar for desse teoriane, og kva som talar mot dei.  No skal det seiast at eg ikkje har nok kunnskap og fagleg innsikt til å vurdere dei ulike teoriane på eiga hand. (Det innrømmer eg gjerne – ikkje alle gjer det, har eg sett.) Difor har eg prøvd å finne ut kva spesialistar innan ulike fagfelt meinar om dei ulike teoriane eg vert presentert for. Det er ikkje vanskeleg. Men det kan ta tid.

For meg kan det sjå ut som at dei fleste alternative teoriane handlar om tilhøve som i og for seg har potensiale til å påverke klimautviklinga i nokon grad, men ikkje tilstrekkeleg til  å forklåre  heile utviklinga. Men det ser ut til at dei som fremjar ein slik alternativ teori, har ein tendens til å vurdere akkurat den teorien dei er opptekne av, som den mest utslagsgjevande faktoren.

Ein kan kanskje kalle dette eit slags tunnellsyn. Og det finn vi hos mange. Det er ålment kjent at folk gjerne har større tillit til informasjon som understøttar det dei tenkte og trudde frå før, enn informasjon som kan stri imot det dei har tenkt og trudd. Dette kan føre med seg at ein vert stadig sikrare i sin sak, sjølv om det ein trur, kan hende ikkje stemmer likevel.

Eg unntek ikkje meg sjølv frå dette. Som eit slags mottiltak oppsøker eg gjerne kjeldene for informasjon som motseier det eg trur er rett, og prøver å setje meg inn i og forstå kva motsetjingane til det eg trur, handlar om. Difor er det ikkje ironisk meint når eg takkar meiningsmotstandarar for grunngjevingar for at dei tenkjer og trur som dei gjer. Eg synest ikkje alltid det er så interessant å vite kva folk trur. Men kvifor dei trur slik dei gjer, interesserer meg veldig.

Men all alternativ informasjon til tross: Eg er overtydd om to ting:

  • Det eine er at bruken av fossilt brennstoff i det omfang vi ser i dag, påverkar atmosfære og hav på måtar som er fårlege, ja, potensielt fatale, for oss.
  • Det andre er at denne situasjonen for lengst er blitt så veldokumentert og tydeleg at dei fleste for lengst burde ha forstått alvoret i han.

Likevel er det framleis mange som hevdar at global temperaturauke grunna menneskeleg aktivitet er ein gedigen bløff. Kvifor?

Eg trur eg alt har gitt eitt svar: Vi har meir tillit til informasjon som bekreftar det vi alt trur, enn informasjon som seier trua vår imot.

Eit anna svar er at konsekvensen av å ta dette inn over seg, er at ein må finne seg i å gjennomleve uynskte konsekvensar av naudsynte klimatiltak. Når ein ikkje vil det, er fornekting av fakta ein mogleg veg ut.

Mitt tredje svar er kort og greitt dette: Forfengelegheit.

Eg trur rett og slett at det for einskilde som har uttalt seg i overkant skråsikkert og kategorisk, opplever det å ha teke feil som så traumatisk at dei vegrar seg for å rette opp at feile påstandar dei har kome med. Dei er redde for å tape ansikt.

Det er desse eg vender meg til, når eg deler dette diktet av Piet Hein med dykk!  

EPIGRAM II

The noble art of losing Face
may sometimes save the human Race
and turn into eternal Merit
what weaker minds would call Disgrace.

At tabe ansigt er en ædel sag,
som vel kan frelse klodens folk en dag
og være taberen til evig hæder
hvor tåber kun vil se hans nederlag.

 

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Piet Hein : Epigram II