For ei tid sidan fekk eg denne kommentaren i ein diskusjonstråd på Facebook, retta mot meg: «Nå er eg litt ufin: Du er så pass forstokka i ditt syn at ingen ting kan overtyda deg om at du tek feil.»

Eg kan ikkje akkurat seie at eg tok meg særleg nær av denne utsegna, heller tvert om. For å setje fokus på ein meiningsmotstandar i staden for på meiningane til vedkomande, tyder etter mi erfaring på at den som gjer slikt, har lite konkret argumentasjon å fare med, og veit det. Utsegna om meg danna neppe noko unntak i så måte.

Ironisk nok kom denne utsegna i ein tråd knytt til ein artikkel eg hadde skrive, som handla om kvifor folk ikkje vil eller kan ta inn over seg informasjon som etter kvart er sopass vel dokumentert at det er lite rom for tvil om sanningsgehalten i han.

Men utsegna fekk meg til å tenkje – ikkje på om eg er forstokka eller ikkje. Slik eg ser det, er eg anten ikkje forstokka, eller så er eg sopass forstokka at eg ikkje evnar å vurdere kor forstokka eg er.

Utsegna fekk meg til å lure på om det i det heile teke er vits i å prøve å halde i gang ein nokonlunde opplyst debatt om eit sopass viktig emne som klimautviklinga på kloden vår. Dersom målet er å hjelpe vedkomande til informasjon som kan bidra til at vedkomande skiftar meining, er sjansen for å lukkast liten. Til det er haldningane til kva spesialistar innan ulike relaterte fagområde skriv, for avvisande. Stort sett vert informasjonen avvist som humbug og vrøvl. Eigne fordommar trumfar fagfellevurdert, verifiserbar informasjon.

Men rett skal vere rett. Eg har opplevd at folk som er skeptiske til påstanden om ei menneskapt klimautvikling, har anstrengt seg for å syne meg kvifor dei meiner og trur det dei gjer. Og eg er takksam for det. Eg har lese mykje av informasjonen desse venlege menneska har gjort meg merksam på. Det har bidrege til at eg kan forstå litt betre korleis dei har tenkt og resonnert, utan at eg dermed har late meg overtyde om at dei har rett.

Eg trur at på sikt vil dei fleste som er skeptiske til påstanden om at menneskeleg aktivitet har hatt stor påverknad på klimautviklinga, kome til ei forståing av at slik er det. Haugen med indisier på at det er slik, held fram med å vekse. Det same gjer haugen med dokumentasjon på kva konsekvensar desse endringane kan føre med seg.

Spørsmålet er kor lang tid det vil ta før skepsisen deira avtek, samanlikna med kor mykje tid vi har før tiltak som i dag vert sett på som naudsynte, vert «oppgradert» til å verte livsviktige. For det verste som kan skje, er at styresmaktene unnlet å setje i gang tiltak i tide av di det er så mange som vert forleda til å tru at tiltaka ikkje er naudsynte.

Så kan hende er det vits i å halde fram likevel. Ikkje for å overtyde desse som av meg uforståelege grunnar hardnakka tviheld på eigne forestillingar om at klimaendringar ikkje er anna enn vås, eller er noko vi ikkje kan gjere noko med. Men for å overtyde publikumet deira om at det desse hevdar, ikkje treng å vere den heile og fulle sanninga.

For eg trur at vegen fram mot ei framtid i ei verd det er mogleg for oss menneske å leve i, går frå eigne fordomar til auka kunnskap om samanhengen mellom menneskeleg aktivitet og klimaendringane. Og dess fleire som ser den samanhengen, dess lettare vil det vere å få aksept for tiltak vi neppe kjem til å like.

Biletet nedunder er teke av Dieter Klinkowski, og er nytta med løyve.

 

Difor er det viktig å drøfte klimaspørsmål