Eg fyller år i dag, og gratulasjonane kjem inn på Facebook, som perler på ei snor. Biletbruken er ikkje tilfeldig. Helsingane er som ein rad av små perler, synest eg..

Det er ein mangslungen gjeng som har sendt meg gratulasjon:

  • Her finn eg nær og ikkje fullt så nær slekt.
  • Her finn eg vener frå ungdomstida som eg knapt har sett på eit halvt århundre.
  • Her finn eg gamle klassekameratar frå gymnaset, som det heitte i si tid.
  • Her finn eg gamle kollegaer og folk er har arbeidd saman med som frivillig.
  • Her finn eg gamle elevar.
  • Her finn eg naboar og andre sambygdingar.
  • Her finner eg facebookvener som eg aldri har møtt – nokre av dei har eg ført heftige diskusjonar med om eitt og hitt.

Eg les kvar ei helsing, og gled meg over dei alle. For det er ei glede å kjenne seg sett, og kan hende litt verdsett.

Det er dei som synest at det er gått litt inflasjon i slike helsingar på sosiale media. Eg er ikkje sikker på om eg er samd. For sjølv om vi for lengst har passert den tida der det å skrive nokre ord var forbunde med stor innsats, er det likevel slik at den som sender ei helsing til andre, har litt fokus på mottakaren nett då. Det er som om mottakaren ei lita stund får lov til å stige inn i livet til avsendaren, og helse på, og kjenne seg velkomen.

Det er ei god kjensle, som eg er svært takksam for. Og til alle dykk som har sendt meg helsingar på dagen min vil eg få lov til å dele dette diktet av Piet Hein:

Brevet som går baklengs i et brev

Jeg skriver et brev –
og fornemmer
i brevet
en hilsen
fra hende
til hvem det er skrevet.

Det er dét
som gør brevskriveriet
så givende:
at en genklang fra læseren
møder den skrivende

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Biletet over heiter «Ein sitjande mann spissar fjørpennen sin», og er attgitt med løyve. (CC 4.0 )

Piet Hein : Brevet som går baklengs i et brev