Idrettslaget har invitert til aktivitetsdag for barnefamiliane i bygda. Bestefar er med som funksjonær. Dei unge spring stafett, og bestefar har fått i oppdrag å stå på ein post i løypa og sjå til at deltakarane spring rette vegen.

Oppgåva er ikkje spesielt vanskeleg. Det er berre om å gjere for bestefar å vere på rett plass i god tid før deltakarane kjem, og peike ut retninga dei skal springe. Fyrst den eine vegen, etterpå den andre.

Bestefar tek med seg stolen sin og ruslar bort til posten. Derfrå ser og høyrer han deltakarane varme opp og gjere seg klare. Så kjem dei bort, deltakarane som skal veksle attmed posten bestefar er ved.

Bestefar ser på den vesle gjengen som står ved posten hans og ventar. Han kjenner namna på dei fleste deltakarane. Dei er tidlegare elevar, eller born av tidlegare elevar. Dei er framtida for bygda vår.

Så startar stafetten. Ikkje lenge etter kjem dei fyrste deltakarane springande i regnveret. Snart er alle komne forbi posten, i fin fart og med rett retning. Halve jobben til bestefar er gjort.

Ei stund etter kjem andre deltakarar på laga i full fart til posten. Dei kjem frå andre kanten, og skal springe motsett veg av den dei som var her fyrst sprang. Vekslinga går fint, og alle deltakarane er losa på rett veg mot målet. Oppdraget til bestefar er over.

På vegen attende frå posten går bestefar og tenkjer litt på tilskipinga denne stafetten er ein del av. Han synest dette på mange vis speglar korleis livet kan vende seg:

Det er lenge sidan bestefar hadde noko å gjere som deltakar på eit stafettlag – om han nokon sinne har hatt det.

Det er ei god stund sidan bestefar var med på å skipe til slike hendingar som ein aktivitetsdag for folk i eige nærmiljø. Men det har han faktisk gjort ein del gongar, i det som for dei yngre kan hende fortonar seg som «gamle dagar».

Og framleis har bestefar litt han kan gjere: Han kan kome med oppmuntrande tilrop til dei unge, og peike ut kva retning det kan vere smart for dei å bevege seg i.

Det er då noko.

Tilstandsrapport frå sidelinja