Underterikna hadde i dag – 20. agust 2023 – ein interessant dialog med ein representant for Open folkekyrkje i Bjørgvin. Dialogen var sopass interessant at eg valde å lage ein skjermdump av han. Denne er attgitt nøyaktig slik han var skriven. Ingen ting er lagt til, ingen ting er trekt frå. Peikar du og klikkar på biletet, kan du sjå det i full storleik og lese kva som vart skrive.

Eg veit ikkje kven denne personen er, men eg synest at tittelen til vedkomande – forfattar – i denne samanhengen var høgst betimeleg. Grunnen er denne utsegna : «Nominasjonsnemnda si liste mariner ( eg reknar med at vedkommande har skrive «meiner» og blitt teken ved nasen av eit overivrig ordrettingsprogram ) alt og ingenting.»

Sanninga er ei anna, og vi kan la våre synspunkt på emnet som er teke opp i denne tråden stå som eit døme på det:

Dersom ein les presentasjonen av kandidatane til Nominasjonskomitéen si liste, som ein vil finne heroppdagar ein at fleire kandidatar eksplisitt har sagt noko om at dei vil arbeide for ei inkluderande kyrkje. Litt av dette er konkretisert i ei fråsegn om kyrkja og samliv, som ein kan finne her.

Det er ikkje så rart at Nominasjonskomitéen si liste ikkje stiller til val med eit ferdig utarbeidd valprogram, på same måte som til dømes Open folkekyrkje. Å utforme eit slikt program tek tid, noko Open folkekyrkje sikkert vil seie seg samd i, i og med at deira valprogram for 2023 – 2027 i fylgje heimesida deira er heimla i eit årsmøtevedtak frå februar 2019.

Men det er ikkje det same som at vi på Nominasjonskomitéen si liste meiner «alt og ingenting». Nokre felles synspunkt har vi alt publisert, nokre synspunkt er formidla frå den einskilde kandidaten. Og den som fylgjer med i kva som skjer til dømes med omsyn til prosessen som gjeld ei framtidig utforming av organisasjonen Den norske kyrkja, vil rimelegvis ha sett at ein del av kandidatane på Nominasjonskomitéen si liste har vore svært tydelege i sine standpunkt, og arbeidd aktivt og målmedite for å fremje desse.

Det høyrer med til historia at dette engasjementet i stor grad er tufta på dei røynslene vedkomande har hatt i eigenskap av å ha utført frivillig teneste i Den norske kyrkja. Fartstid som frivillig medarbeidar i kyrkja er faktisk ein viktig årsak til at vi som står på lista til Nominasjonskomitéen er blitt foreslegne og nominerte. Og eit ynskje om at delta i arbeidet i Bispedømerådet med det vi har av erfaring og verdisyn, er det som har motivert oss til å stille.

Eg trur dei synspunkta vi har, som både er basert på det verdisynet vi har og den erfaringsbakgrunnen vi har erverva oss, er ein god ballast å ta med seg inn i arbeidet i bispedømerådet. Og meiningar om aktuelle saker – det har vi!

Skal ein attgi noko, bør attgjevinga vere rett