Eit giftarmål er ein kontrakt mellom to menneske som ynskjer å leve saman. Dette er ei ordning som er lovregulert (Ekteskapslova), og som sikrar trygge og forutseielege rammer for samlivet. Prestar i Den norske kyrkja har rett til å forestå vigslar i kraft av denne lova.

Ekteskapslova slår fast at to personar av motsett eller same kjønn kan inngå ekteskap. §4 seier at «ingen kan inngå nytt ekteskap så lenge eit tidligare ekteskap eller registrert partnerskap består.» Å inngå nytt ekteskap etter at tidlegare ekteskap eller registrerte partneskap er avvikla, er soleis innanfor lovkrava.

Men lova har opna for at personar som av samvitsgrunnar ikkje kan vie fråskilte og/eller to personar av same kjønn, skal ha høve til å nekte dette. Dette fritek ikkje kyrkja frå å handle ut frå dei retningslinene som er sett i lova. Det ville vere å overprøve innhaldet i lova. Ein må difor gå ut frå at kyrkja finn ei tenleg løysing og ser til at det vert sett inn ein annan vigselsperson.

Dette sikrar at dei som kan og vil gifte seg i kyrkja, kan få tilbod om dette. Samstundes tek ein vare på dei som av samvitsgrunnar finn det vanskeleg å vie skilde personar eller to av same kjønn. Etter nominasjonslista si meining er dette ei god og handterleg ordning, som ein ikkje ser grunnar til å endre på.

Nominasjonslista meiner at kva samlivsform tilsette i Den norske kyrkja og i kyrkjelydane lokalt måtte ha vald, ikkje er relevant for utøvinga av arbeidet deira. Det er difor ei sak som ikkje vedkjem arbeidsgjevar. Soleis er ikkje vald samlivsform eit kriterium ved tilsetjing av nye medarbeidarar, og endringar i tilsette sin samlivsform skal heller ikkje få konsekvensar for arbeidstilhøvet deira. Nominasjonskomiteen si liste i Bjørgvin støttar difor dei vedtak som er gjort i Kyrkjemøtet i denne saka.

Meir om kva Nominasjonskomitéen si liste står for, finn du her.

Om kyrkja og samliv