Gjennom snart to tusen år har kristen tru og tanke blitt formidla gjennom ord, musikk og bildande kunst. Slike kulturuttrykk har vore og er svært viktige bidrag til at kristendomen framleis er levande i samfunnet vårt.

Den kristne kulturarven har vandra gjennom tidsbolkar, over landegrenser, og mellom menneske i ulike sosiale lag. Den har vore, er, og kan framleis vere, samlande i eit samfunn som ser ut til å verte meir og meir oppsplitta.

Det er difor viktig at den kristne kulturarven vert hegna om og får gode vilkår i kyrkjelydane våre.

Forutan å vere ein viktig samanbindande faktor i den kristne fellesskapen,  kan kristne kulturuttrykk vere ein fin innfallsport for folk som kan hende kjenner seg litt framande for kristent tankegods.

Meir om kva Nominasjonskomitéen si liste står for, finn du her.

Om kyrkja som kulturbærar