Auka kunnskap om utviklinga av klimaet på jorda har godtgjort at menneskeleg aktivitet har hatt og framleis har stor påverknad på levekåra til oss som bur på denne planeten. Vi veit at det er viktig å gjere store endringar, og det raskt.

Vi veit også at desse endringane vil kunne påverka liva våre, kan hende på måtar som vi ikkje likar. Dette kan føre med seg ein risiko for at naudsynte, men upopulære, tiltak vert utsette eller ikkje gjennomført.

Kyrkja bør vere ei tydeleg stemme som tek opp den situasjonen vi faktisk står i, påpeikar det ansvaret vi har som forvaltarar av Guds skaparverk, og ikkje minst kan understreke at å halde fram med eit ikkje berekraftig forbruk, ikkje naudsynleg betyr god livskvalitet.

Meir om kva Nominasjonskomitéen si liste står for, finn du her.

Om kyrkja og forvaltaransvaret