Kyrkja og kyrkjeleg tilsette er til tider blitt kritiserte for å vere «politiserande». Einskilde ser ut til å meine at kyrkja ved å uttale seg om politiske spørsmål går ut over mandatet sitt.
Nominasjonslista vil oppmuntre til at kyrkja bidreg med etisk grunna synspunkt i slike saker, og er tydeleg på desse. Det vil vere i tråd med kyrkja sitt mandat til å fronte dei verdiane kristen tru og tanke er tufta på.
Samstundes er viktig at kyrkja på generelt grunnlag er varsam med å setje ulike politiske løysningar opp mot kvarandre. Det vil vere å gå ut over det kyrkjelege mandatet og inn i ansvarsområdet for styringsverk og dei politiske partia.
Meir om kva Nominasjonskomitéen si liste står for, finn du her.
Om kyrkja som samfunnsaktør