Den norske kyrkja er inne i ein omstillingsfase, der ein må leggje til rette for eit godt samarbeid mellom prestetenesta, dei lokalt tilsette og dei lokale tillitsvalde. Ei tydeleg avklåring av roller med tilhøyrande ansvarsområde og mandat vil vere eit viktig tiltak, og vi vil arbeide aktivt for å bidra til å få dette til.

§10 i den nye Lov om tros- og livssynssamfunn uttrykkjer ei klar overordna målsetjing om at «den norske kirke forblir en landsdekkende og demokratisk evangelisk-luthersk folkekirke».

Eit viktig tiltak for å leggje til rette for dette, er å sjå til at alle som kan stemme ved val på sokneråd og bispedømeråd og som ynskjer det, enkelt kan få avgitt si stemme. Nominasjonslista støttar difor opp om ei valordning der folk i tillegg til å stemme i samband med gudstenester, kan avlegge stemme digitalt, og at det vert oppretta stemmelokale i rimeleg nærleik til stemmelokala for kommune- og fylkestingsval.

Meir om kva Nominasjonskomitéen si liste står for, finn du her.

Om kyrkja som demokratisk organ