I motsetnad til kandidatane på dei andre listene har vi ikkje eit felles utgangspunkt i ein organisasjon med eit gitt program og spesielle kampsaker. Likevel har vi mykje felles:

Vi er alle foreslegne av folk som kjenner oss, og som veit kva vi brenn for og kva vi frå før av har gjort som medlemer av den kyrkjelyden vi tilhøyrer.

Vi er alle vurderte av ei nominasjonsnemnd, sett saman av valde representantar frå prostia i Bjørgvin.

Lista vi står på, speglar på mange måtar det mangfaldet ein finn i kyrkja vår.  Det betyr at vi er litt ulike kvarandre. Vi har litt ulike røynsler og referansar, og tenkjer kan hende litt ulikt med omsyn til korleis vi skal løyse ulike oppgåver.

Men vi har samanfallande syn i mange saker som er viktige for kyrkja, både i dag og i tida som kjem. Og ikkje minst har vi stort engasjement for den kyrkja vi er ein del av. Dersom du ynskjer å verte litt betre kjend med oss som står på lista, finn du ein kort presentasjon av kvar av oss på sida til Nominasjonskomitéen si liste i Bjørgvin.

Biletet attmed  teksten syner spiret og øvste del av tårnet på Korskirken i Bergen. Slagordet i forgrunnen er nokså dekkjande for det vi står for.
Biletet øvst på sida syner nokre tradisjonsbåtar under segl. Ulike som dei er, held dei likevel same kurs. Det er vel også nokså dekkjande for oss på denne lista.

Foto: (C) Rune Garmann

Meir om kva Nominasjonskomitéen si liste står for, finn du her.

Kandidatane på Nominasjonskomitéen si liste – kven er vi ?