I mange år sytte eg for at dette diktet var å høyre kvar 17. mai i bygda vår.

Saman med Halldis Moren Vesaas sitt «Tung tids tale» vart diktet lese av elevar ved ein seremoni på gravene til to som døydde som fylgje  av krigshandlingar under andre verdskrigen. For meg handlar dette diktet om at det er viktig å bidra til fellesskapet, utan alltid å kalkulere med at ein skal få noko att for det. Det er ein tankegang som eg assosierer med buddhisme, og eg trur Olav H. Hauge ville forstått korleis eg tenkjer.

Ein gong for mange år sidan tok eg kontakt med Olav H. Hauge for å spyrje han om love til trykke dette diktet i «Masfjordingen», eit meldingsblad kommunen gjev ut i samarbeid med sokna. Han sa ja, og takka meg for at eg ville gjere det. Difor trur eg han ville gitt meg lov til det same her.

Gjer ein annan mann ei beine

Han kom or fjellet, skulde heim,
fekk føring ifrå Osa og ut til Øydvinstò.

Og han var raust
og baud betal.

Men osamannen var ikkje fal.

«Eg vil betala,
eg kan ikkje nå deg
med ei beine att.»

«Så gjer ein annan mann
ei beine då,»
sa Osamannen
og skauv ifrå.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit fotografi som syner ein roar på Esefjorden, Balestrand. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
Olav H. Hauge : Gjer ein annan mann ei beine