Kari Sørheim er eit varmt og samfunnsengasjert menneske. Svært samfunnsengasjert, men fyrst og fremst varmt. Kari har budd i Masfjorden nesten like lenge som eg – i over tretti år. No bur ho på Seim.

Det er ikkje så ofte vi møtest ansikt til ansikt lenger. Men av og til stikk eg innom bloggen hennar, Karitankar, og les litt av dei orda ho gjerne vil dele med oss der. Eg går sjeldan derfrå utan å ha fått noko fint med meg på vegen vidare.

Den 12. mai 2016 la Kari ut diktet eg har attgitt nedunder. For meg er dette eit dikt om å kjenne seg heime i ein stor samanheng, av di ein er heime i mange små samanhengar.

Noko av det eg har

To små barnegraver
ei dobbel foreldregrav
og to besteforeldregraver
har fått raude og blå blomar i dag

Eg les alle namna
og kjenner at dette er mitt

Det er noko av det som vart meg
og mykje av det som eg gav

Det er noko av det som eg fekk
og mykje av det som eg mista

Det er noko av det som eg har
og som alltid skal vera mitt

Då eg las desse orda, kom eg til å tenkje på ein av dei vakraste melodiane Johann Sebastian Bach skreiv ned (han komponerte han visstnok ikkje) i noteboka til kona si, Anna Magdalena. «Bist du bei mir» er ein song som både fortel om store og små samanhengar, tilliks med diktet til Kari.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Biletet på toppen er teke på nordsida av Tyinvatnet, på veg inn mot Jotunheimen. Underteikna er fotografen.

Kari Sørheim : Noko av det eg har