Det er ikkje ofte det skjer, men det skjer : Eg snublar over eit dikt som eg ikkje har visst om, men som på underleg vis vekkjer gjensynsglede i meg.

I dag, 21. mai 2016 var ein dag der dette skjedde. Eg kom over ein tekst med eit vakkert sitat frå eit dikt. Diktet heiter «Dotter», og forfattaren heiter Anna Skeide. Eg veit ikkje mer om henne enn det som står å lese på denne wikipediasida.

Men diktet møtte meg som om det var ein gamal kjenning, og sette ord på tankar eg ber med meg. Og tankane gjeld ikkje berre døtre, som eg har fire av, men også sonen min. Og dei som er saman med dei, og dei som kjem etter dei…

Dotter

Tenk ikkje på meg
når du dansar og ler –
ikkje sjå dit eg står
innved grinda ein stad
og ventar.

Du skal leike du,
eg skal stå der eg står
til det lysnar av dag.

Trør du glad over grasbakken
lett som ei hind
går eg lykkeleg bort
under nattsvale tre –

men driv du mot skuggen
med frostblått blikk,
då skal vi følgjast åt heim.

 

Biletet av jenta tok eg i Potsdam for nokre år sidan.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Anna Skeide : Dotter