Dette diktet er skrive av ei dame eg har kjent i mange år, og som eg har stor sans og  djup respekt for. Berit Lygre var i fleire år sjefen min på Nordbygda skule, og det var ein epoke i arbeidslivet mitt som var svært god, ikkje minst takka vere hennar leiing og gode påverknad på arbeidsmiljøet.

Men i tillegg til å vere ein framifrå sjef, er Berit ein framifrå kokk. Etter å ha blitt servert ei fiskesuppe som hadde fortent eit dikt, måtte eg berre seie at viss det ikkje hadde vore slik at eg alt var gift – så skulle ho få koke i brudlaupet mitt.

Og så er ho ein dyktig formidlar, både i ord og bilete. Denne gongen er det orda som skal få fokus :

Imagine

Det vert sagt at dei unge
ofte bryt med
prioriteringane til foreldra
og går heller attende til
verdiane til besteforeldregenerasjonen

Ja, kjære barnebarn,
gje oss gjerne ein ny vår for
Flower Power
Peace and Love
Nedrusting
Nei til atomvåpen
Gutar med langt hår
Protestviser og melodiøs pop
I staden for
Kompani Lauritzen
«Klar til strid»
«Norges tøffeste»
Usosiale medium og
utstemmingsprogram
Rap og snakkepop
Kroppsfokus
Snauskallar
Opprusting og
polarisering

Det ville blitt
ekstrem forvandling, det

Biletet oppe på sida syner eit sete på ein krakk.
Einkvan har site der, og sett sine spor.
Spora kan minne om eit gamalt ansikt som ser på deg.

Foto: (C) Rune Garmann

 

 

Berit Lygre: Imagine