Eg synest det kan vere interessant å lese det folk legg ut på sosiale medier. Om ikkje anna, så gjev det meg eit visst innsyn i korleis folk som tenkjer annleis enn meg, opplever verda. Av og til har det gitt meg nye impulsar som har påverka mi eiga oppfatning av tilveret. Men det er heller unntaket enn regelen.

Uansett – eg har ikkje noko imot at folk tenkjer annleis enn meg. Og gjer ein tanke meg nysgjerrig, spanderer eg gjerne tid og innsats på å prøve på å forstå korleis fakta og vurderingane av desse har danna grunnlaget for tankegodset eg møter. Det kan vere nyttig – også når eg oppdagar det som for meg framstår som manglar og/eller misopppfatningar i det eg vert presentert for.

Det hender at eg stiller meg spørjande til utsegner som er lagt ut i sosiale media. Ikkje sjeldan handlar dette om å finne ut om faktagrunnlaget for ein påstand kan stemme. Grunnen er enkel: At ein påstand er velformulert, treng ikkje bety at han stemmer. 

Reaksjonane på spørsmåla er ulike: Einskilde gjer sitt beste med å forklåre grunnlaget for det dei hevdar, og gjer det på ein forbiletleg høfleg måte. Andre vert sure, og legg ikkje skjul på det.

Verre vert det dersom eg tillet meg å «ferske» folk i å hevde noko som i beste fall er svakt fundert, eller rett og slett feil. Denslags vert sjeldan godt motteke. Det eg då ofte får høyre, er at eg er autoritetstru, at eg ikkje evnar å tenkje sjølvstendig, at eg har latt meg påverke av propaganda – då i motsetnad til dei, naturlegvis. For dei meiner seg tydelegvis å ha tilstrekkeleg kunnskap til å ikkje la propagandaen ta innersvingen på dei. 

Dei om det. Eg synest dette er morosamt. 

Å tenkje annleis enn desse eg diskuterer med, er neppe det same som at eg ikkje evnar å tenkje sjølvstendig. Og sjølv om eg kan vere samd med utsegna om at «tenkjer alle likt, tenkjer ingen», så er det vel neppe slik at ein tanke er feil av di mange har tenkt han. Like lite som at det er eit kvalitetsteikn at ein tanke eller ein idé er fremja av få. Rett nok er det slik at ein tanke som regel oppstår hos eit individ eller i eit lite miljø. Men er tanken god nok og rett nok, kan fleire ta han til seg og slutte seg til han, utan at han vert dårlegare av den grunn.

Og når det gjeld i kva grad eg er påverka av propaganda, så gjeld vel det same for meg som for dei eg diskuterer med: Vi vert alle påverka av informasjonen vi vel å ta til oss. Det er difor det er viktig å vurdere truverdet til det vi vert presentert for. Og vi må vere opne for at ny informasjon kan gjere at vi vert nøydde til å stille oss kritiske til det vi fram til då har meint om ei sak.

Dessverre opplever eg at ikkje alle er så opptekne av dette. I staden for å drøfte sak, vert det sutra over kor vanskeleg det er å møte konformitetspresset frå «fleirtalet».

Eg synest dette er underleg. For handlar ikkje meiningsbryting om å flagge eigne meiningar, og å måle dei opp mot andre meiningar om same sak?

Med fåre for å gjere ein og annan urett: På meg verkar sutringa over at det er vanskeleg å kome fram med sjølvstendige meiningar som eit forsøk på å sleppe billig unna motforestillingar. 

Når ikkje anna hjelper – prøv med litt sutring