I år fall frigjeringsdagen på ein søndag, og eg fekk delta på ei temagudsteneste i Solheim kyrkje i Masfjorden. Etter gudstenesta vart det lagt ned blomar på to krigsgraver her. I den eine grava ligg Torgeir Stordal, som brutalt vart avretta i heimen sin den 5. mai 1945, 76 år gamal. I den andre ligg fire krigsfangar, tre russarar og ein ukrainar, som døydde på tragisk vis i arbeidsleiren på Matre.

I samband med denne seremonien las eg to dikt eg hadde skrive. Eg vil ikkje hevde at dei er stor litteratur, men dei gjev i det minste eit lite inntrykk av kva tankar eg gjorde meg i dette høvet. 

Ord ved Torgeir Stordal si grav

Her kviler Torgeir Stordal, som 6. mai 1945 vart avretta av tyske militære ved heimen sin i Stordalen, 76 år gamal. Då familien rømde Stordalen for å kome unna dei tyske styrkene, vart Torgeir att i Stordalen. Han hadde ikkje helse til å ta over fjella, og syntest vel at nokon måtte sjå til dyra. Han vart teken til fange, stilt for standrett og avretta.

Du gjorde det gode

Du ga husrom og mat
til unge menn som kjempa for landet sitt.
Du lærte dei om vegane i fjellet
der dei kunne ta seg fram.
Du gjorde det gode.

Du visste kva lagnad
som venta dei som stod imot.
og som fienden fanga.
Og likevel –
du gjorde det gode.

Dei andre rømde
før fienden kom.
Men du vart att, og dyra dine
trong deg.
Du gjorde det gode.

Du vart teken,
stilt for standrett og skoten.
Du visste det kunne skje,
men valde å vere.
Du gjorde det gode.

Ord ved «russargrava»

Her kviler

Pjotr Sergiev, som døydde i fangeleiren på Matre den 6. oktober 1942, knapt 23 år gamal,

Gregorij Tsinev, som døydde i fangeleiren på Matre den 12. oktober 1942, 41 år gamal,

Pjotr Tsevnik, som døydde i fangeleiren på Matre den 15. oktober 1942, vel 22 år gamal,

Andrei Klimenko, som døydde i fangeleiren på Matre den august 1944, knapt 22 år gamal.

Vi veit ikkje stort om desse fire. Vi veit ikkje ein gong om familiane deira kjenner til lagnaden dei fekk, at dei vart lagt til kvile ein stad mellom fjell og fjord i eit framandt land langt borte.

Ikkje åleine

Dei tok meg med
til eit land eg knapt nok kjende
og til ein stad eg ikkje visste om.
Men eg var ikkje åleine.

Dei tok meg med
og baud meg bruke krefter
i dagar med slit og tunge tak.
Men eg var ikkje åleine.

Dei tok meg med
og la meg i jorda her,
fjernt frå jorda folket mitt er runne av.
Men eg var ikkje åleine.

Du tek meg med
og minnest at eg er her
og hugsar: mange er som eg.
Då er eg ikkje åleine.

Andre dikt kan du finne ved å peike og klikke her.

Rune Garmann: To dikt til 8. mai 2022