29. april 2022 vart det lagt ut ein artikkel på nrk.no, der tre personar fortel om kvifor dei i vaksen alder valde å konvertere til islam. Personane er ulike, med ulik bakgrunn og med kvar sine grunnar for å slutte seg til denne religionen. Men felles for dei alle er at dei har gjort dette av fri vilje, etter å ha gjort seg opp ei meining om kva islam betyr for dei.

Ein skulle tru dette var ei relativt lite kontroversiell historie – men nei. På Facebook dukka det rimeleg raskt opp reaksjonar. Knapt ein time etter at artikkelen var lagt ut på nrk.no, kunne ein lese fylgjande innlegg: «Er det ufint hvis jeg antyder at Dorothea (namnet på ein av konvertittane) skal være glad hun ikke konverterte FRA islam?»

Svara let ikkje vente på seg, her er eit utval:

«Du er på ingen måte ufin, berre antyder nokre fakta om konsekvensar av konvertering.»

«Å konvertere til noe det er dødsstraff for å konvertere fra, er i overkant sprekt, eller rettere; potensielt livsfarlig. Det undrer meg at noen frivillig går inn i et opplegg med slike premisser.»

«At det finnes selvskadere, selvpinere og folk som ønsker å være instruert, diktert og underdanig i vårt samfunn, er intet nytt! Noen liker å bli torturert i seksuell akt! Noen liker å torturere andre for å få spirituell og fysisk tilfredsstillelse. Men at disse skal få talerør som om dette er det normale og at alle som taler dette som et avik skal ties, det er det som er psykisk sykt!!!»

«Stakkars menneske ! Du vil bli en slave og fødemaskin.»

«Til Norskfødte kvinner med norske foreldre som konventerer til Islam, har jeg følgende tips: Har du en sub fetish, så finnes det klubber for den slags!»

For ordens skuld: Dette er kopiar frå tråden i innlegget, skrive av fem ulike personar. Eg har vald å utelate namna deira, for eg er ikkje ute etter å henge nokon ut.

Felles for desse utsegnene er at dei byggjer opp og held liv i ei forestilling at det er dødstraff for å forlate islam. Og heilt feil er det ikkje. Vi veit at dødsstraff for fråfall vert praktisert i fleire land. Pakistan er kan hende det mest profilerte i denne samanhengen.

Men det er likevel ikkje slik at dødsstraff ved fråfall frå islam er ein ålmenn praksis som finn stad over alt der det finnest muslimar. Eitt døme: I Noreg er det truleg ein stad mellom 200.000 og 250.000 muslimar. Talet er usikkert, men rundt 170.000 muslimar er registrerte i trussamfunn som mottek statsstøtte. (Kjelde: SSB)  Vi har også ei rekkje «fråfalne» som har vore eksponert i media, med fullt namn og oppgitt heimstadkommune. Eg er ikkje kjend med at nokon av desse er tekne av dage av di dei har avvist islam.

Difor trur eg på det som står i ein artikkel frå Aftenposten, datert 17, oktober 2015 : «Selv om norske eksmulimer kan regne med trusler, hets og utstøting, risikerer de neppe å bli drept.»

Avslutningsvis vil eg kome med to sitat frå artikkelen på nrk.no : Det eine er noko konvertitten Jocelyne Aliyah Vazon Martinez  sa, sitat: «Det som var utfordrende var å fortelle til foreldrene mine at jeg hadde konvertert, fordi jeg visste det ville utløse en periode med en del spørsmål og bekymringer. Mye på grunn av vi bor i den verden vi bor i, og fordi islam ofte blir framstilt som …, Jocelyne trekker pusten.– … som mange negative ting, fortsetter hun.» Den som har lese sitata frå tråden over, kan konstatere at det ikkje er mangel på dei som ynskjer å setje islam i eit dårleg lys.

Det andre er eit sitat frå konvertitten Richard «Pumba» Bravo, som sa dette: «Vanlige folk er fortsatt vanlige folk uansett hvilken religion de tilhører.»

Ei betimeleg påminning, etter mi meining.

 

Biletet over er meint å illustrere at det å sjå etter nyansane kan vere god praksis.

Kva skal vi tru om det andre trur?