I forteljinga om Pinocchio,  tredokka som vart levande, heiter det at kvar gong Pinocchio laug, vart nasen hans lengre. Det må ha gjort det enkelt for omgjevnadane han å avgjere når han snakka sant, og når han ikkje gjorde det.

Men historia om Pinocchio er berre ei forteljing frå om lag midten av 1800-talet. No godt og vel 150 år seinare, kan det vere rett å seie at situasjonen er ein annan. Det er ikkje alltid så enkelt å avgjere når ein påstand stemmer, og når han er ikkje gjer det.

På sosiale media florerer det med direkte usanne påstandar, og ein kan ikkje utan vidare stole på det  som vert formidla gjennom meir offisielle kanalar heller. Ikkje av di det dei hevdar naudsynleg er feil, men like gjerne av di informasjonen er ufullstendig.

“I get the news I need on the weather report. Oh, I can gather all the news I need on the weather report.” Sitatet er henta frå teksten til «The only livin’ boy in New York», ein song av Simon og Garfunkel. I mange år syntest eg teksten var litt merkeleg. I dag, meir enn femti år seinare, har eg kome til at han kan ha noko for seg.

For kva informasjon er det vi verkeleg treng? Det er mi meining at det sjeldan er nokon samanheng mellom kor viktig informasjon er, og kor stor merksemd han får. Nyhendeformidling vert ofte driven i tråd med det eg vel å kalle spektakularitetsprinsippet – dess større merksemd  ein forventar at ei sak vil få, dess større plass vert saka gitt. På den måten vert vi gjort merksame på mykje pirrande, men akk så uvesentleg informasjon, medan vesentleg informasjon går under radaren.

Eg trur at dersom vi alle hadde nytta like mykje tid på å lese artiklar og bøker av folk som veit kva dei skriv om som vi nyttar på å la oss informere/underhalde av media, så ville vi hatt langt betre føresetnader for å handskast med dei utfordringar vi står ovanfor, både som individ og som samfunn.

Enn så lenge får vi nytte andre hjelpemiddel. Faktasjekkarar kan vere eitt av dei. I løpet av dei siste åra har det dukka opp ei rekkje sider på nettet, der ulike påstandar som florerer i det offentlege rommet vert underlagt ei grundigare undersøkjing. Ikkje sjeldan konkluderer slike undersøkjingar med at påstandane som vert fremma, ikkje stemmer.

At slike konklusjonar ikkje fell i god jord hos dei som fremjar eller vel å tru på slike påstandar, er ikkje så underleg. Litt meir aparte vert det når folk hevdar at faktasjekking er ein hemsko for den frie tanke og den frie meiningsutvekslinga. Og å hevde at t.d. faktisk.no ikkje er å stole på av di det er ein institusjon eigd av nokre namngitte mediebedrifter, er regelrett vrøvl.

Det som kjenneteiknar faktasjekkarar, er at dei sjekkar det som vert lagt fram som faktagrunnlaget i ein påstand, og konklusjonen i ein slik sjekk må i utgangspunktet verte den same, uavhengig av kven som sjekkar han. Ein kan alltids stille spørsmål om utvalet av påstandar som vert undersøkte, men når alt kjem til alt er det kvaliteten på undersøkjingane som vert gjort, som seier noko om integriteten til faktasjekkarane, ikkje eigartilhøva.

At det vert nytta ressursar på å sjekke sanningsgehalten i ulike påstandar, er noko bør vi alle vere glade for – uansett kva vi meiner om den aktuelle saka. For faktagrunnlaget bør vere på plass, og så får vi nytte vår eigen øvrige kunnskap, våre haldningar og verdiar som rettesnor når vi vurderer dei fakta som ligg føre, og eventuelt gjev uttrykk for våre meiningar og konklusjonar i det offentlege ordskiftet.

Då kan vi vone på å få ein informert diskusjon. Men kan hende er det ikkje alle som ser seg og sine meiningar/haldningar tente med det?

Det handlar om (ikkje) å verte teken ved nasen