Kva likskapar er det mellom ein torsk og ein klimaskeptikar – og kva skilnader er det?

Ein og annan vil kan hende stusse ved bruken av ordet «klimaskeptikar». Kva kan det vere? Mange klimaskeptikarar likar ikkje ordet – dei vil heller verte omtala som klimarealistar.

Dei om det. I mitt vokabular er dette ein person som er skeptisk til at vi faktisk er inne i ei endring mot eit varmare klima, og som er temmeleg sikker på at det i så fall ikkje har noko med menneskeleg aktivitet å gjere, og i alle fall ikkje med hans eller hennar livsførsel og levemåte.

Men skulle det så vere at temperaturen på jorda stig, så har det vore varmt før, og det gjekk jo bra! Kan hende vi berre vil oppleve det som at somrane vert litt lengre, og vintrane behageleg kortare. Høyres ikkje det flott ut? Og er det ikkje berre slik at når været er varmt, så hyler klimaforkjemparar og dommedagsprofetar om klimaendring, medan når veret er kaldt, så skuldast det «berre» veret?

For den som trur at eg er ute etter å karikere folk eg er usamd med, så lat meg berre få slege det fast: Dette er ei lita samling av argument som eg er blitt møtt med når eg har prøvd å drøfte klima med folk, til dømes på sosiale medier. Og eg har lese meir aparte argumentasjon enn denne, men eg tenkjer dette får halde.

Så var det dette med likskapane då. Lat meg nemne to:

Torsken veit ikkje skilnaden på omgrepa «vær» og «klima». Det går tydeleg fram av argumentasjonen deira at det er det mange klimaskeptikarar som heller ikkje gjer.

Torsken er påverka av klimaendringane. Temperaturen i hava har stige, og det har fått påviselege fylgjer for levevilkåra for torsken. Klimaskeptikarane – og alle vi andre – er også påverka av klimaendringane. Til dømes er somrane i Noreg blitt påviseleg varmare, og klimaet på jorda generelt er også blitt det, og det er all grunn til å frykte at dette er ein tendens som vil halde fram.

Stort sett har vi her til lands vore lite påverka av konsekvensane av dette. Andre stader har dei ikkje vore så heldige.

Kva så med skilnadane? Dei finnest også:

Ulikt klimaskeptikarane har torsken teke konsekvensen av at høgare havtemperatur har endra levekåra for arten, og bestanden har endra utbreiingsområde. Havforskarane har registrert at det vert mindre torsk i relativt varmare område, medan arten aukar i område der vatnet er kjølegare.

Og dette fenomenet gjeld ikkje berre torsk. Andre fiskeartar som ein tidlegare  såg i varmare farvatn, vert no stadig oftare observert i havområde som før var rekna som å vere for kalde for dei.

Tilsvarande tendensar ser ein på land. Plantar og dyreartar etablerer seg lenger nord og høgare over havet enn tidlegare. Slikt skjer ikkje berre av di vi tilfeldigvis får ein ekstra varm sommar. Skal ein art etablere seg ein stad, må vilkåra for vekst vere til stades over tid. Dette er gamal, kjend kunnskap. Dette er for øvrig grunnen til at ein kan nytte pollen som indikatorar på korleis klimaet har vore i tidlegare tider.

Mange klimaskeptikarar her ei anna tilnærming til problema. Dei  bryr seg lite om informasjonen frå dei som observerer fenomen knytt til klimaendringar og skjønar kva det er dei ser. Dette kan gi seg uttrykk på mange vis:

Ein strategi er å stille spørsmål ved integriteten til fagfolka bak informasjonen, til dømes ved å hevde at dei har vikarierande motiv eller ein eller annan skjult agenda.

Ein annan strategi er å ta påstandar som ein i ettertid har sett ikkje stemmer, til inntekt for ein tanke om at folk som snakkar om klimaendringar og klimapolitikk, ikkje er seriøse og etterrettelege. Til dømes er det ikkje uvanleg å nytte utsegner frå boka og filmen til Al Gore, «An inconvenient Truth», på ein slik måte.

Og endeleg er det dei som vel å bagatellisere problema. Vel kan det hende at jorda vert varmare, men er det så farleg? Eit mogleg svar kan vere at det er gjerne ikkje er så farleg for dei sjølve, og at dei som i fyrste omgang må bere konsekvansane av klimaendringar, kan dei sjølvsagt verge å gi blaffen i.

Som ein vil sjå, i ei samalikning mellom klimaskeptikarar og meir lågareståande artar, kan det sjå ut som om klimaskeptikarane kjem dårlegast ut. Men slik treng det ikkje vere:

Der er nemleg ein skilnad til, og den er vesentleg: Torsken – og dei øvrige dyre- og planteartane – kan ikkje gjere anna med klimaendringane enn å prøve å tilpasse seg dei. Vi menneske har sannsynlegvis høve til å påverke endringane.  Det vil ikkje vere lett, og truleg vil det krevje ei gjennomføring av upopulære tiltak. I den samanhengen kan det vere freistande å late seg forføre av retorikken til klimaskeptikarane, noko som vil gjere et vanskelegare – kan hende umogleg – å få gjennomført naudsynte tiltak.

Og dermed kan vi trekkje fram nok ein skilnad: Fauna og flora er ikkje i stand til å ta ansvar for å påverke endringane. Menneska derimot, – inkludert klimaskeptikarane – kan aksle eit slikt ansvar om dei berre ville ta det inn over seg!

Foto : © Per Harald Olsen / NTNU

 

Ein komparativ studie mellom to artar