Ikonet som dette biletet mitt er ein kopi av, er russisk og frå 1200-talet. Det vert kalla «Engelen med det gyldne håret», og det er å finne i Det russiske muséet i Sankt Petersburg. Den som vil vite meir om dette ikonet, kan finne meir informasjon ved å peike og klikke her.

Biletet eg har laga, er attgitt attmed. Ved å peike og klikke på det, får ein opp ein større versjon.

Dette er eit mykje kopiert ikon. Eit biletsøk på Google tydeleggjer dette. Her finn ein ei rekkje mer eller mindre vellukka kopiar av ikonet. Eg forstår at mange har late seg inspirere av ikonet, for det er eit svært vakkert og uttrykksfullt bilete.

Eit bilete der ansiktet er sopass stort i biletflata, inviterer til å arbeide med høglys og skugge i ansiktet. Det er det eg har prøvd på her – pluss at den forseggjorte frisyren inviterer til å eksperimentere med å attgi hår. Det har eg også leika meg litt med medan eg heldt på.

Biletet eg har måla, er ingen kopi av originalen. Mellom anna er fargebruken ulik – biletet mitt er ikkje så fargesterkt som det gamle ikonet. Det er eit medvite val frå mi side. Mine bilete skal henge i små rom, der folk kjem tett på dei. Ein stor del av dei tradisjonelle ikona er å finne i store rom som ikkje alltid er like godt opplyste. Eg trur at i slike omgjevnader gjer fargesterke bilete det lettare for betraktaren å sjå  og skilne motiva på ikona. Ei slik hjelp treng ikkje dei som måtte sjå bileta eg lagar.

Som eg har skrive ovanfor, er originalen eit russisk ikon. Eg trur at i dag – i mars 2022 – gjev den pågåande krigen i Ukraina grobotn for antirussiske kjensler hos mange her i Vesten. Då kan det vere på sin plass å minne om at det går an å vere sterk motstandar av Putin si krigføring i Ukraina, og samstundes ha eit positivt tilhøve til russisk kultur – og ikkje minst til alle dei russarane som må møte oss andre, vel vitande om kva meining vi har om framferda til dei som styrer i fedrelandet deira.

Eg er no i gang med eit heilt anna bilete. Kan hende kjem eg til å syne det fram når eg er ferdig med det. Men eg har alt no bestemt meg for at biletet eg skal lage deretter, vil ha eit ukrainsk ikon som førebilete. Den ukrainske ikontradisjonen er rik – og minst like gamal som den russiske.

Og det biletet skal eg love at eg kjem til å leggje ut på heimesida mi!

Du kjem attende til sida «Ikon og tradisjon» ved å peike og klikke her.
Englar – ved ein av dei