Det er ikkje godt å vere redd. Vi gjer vårt beste for å unngå å kome i situasjonar som gjer oss redde. Og skulle vi likevel hamne der, er redsla ein sterk motivator for å kome ut av situasjonen.

I begge tilfella er redsla nyttig for oss, for ho bidreg til at vi unngår situasjonar som kan vere fårlege. Difor må eg seie at eg ikkje likar å vere redd, men eg er takksam for at eg kan verte det.

Det har hendt at eg er blitt møtt med påstandar om at eg meiner eller gjer dette og hitt av di eg er redd. Nokre gongar kan nok det stemme, andre gongar ikkje.

Det stemmer til dømes ikkje at det å vere religiøs naudsynleg handlar om å handtere eigen dødsangst. Eg er blitt møtt med den påstanden. Den seier ingen ting om mitt religiøse liv, men sannsynlegvis ein heil del om kva dei som har påstått dette, trur og tenkjer.

Men på andre område vil eg ikkje leggje skjul på at redsle er ei viktig drivkraft i engasjementet eg har. Til dømes er eg oppteken av klimaproblematikk. Det er meir enn femti år sidan eg for fyrste gong høyrde om korleis utslepp av gassar til atmosfæren kan påverke temperaturen på jorda, til dømes ved at forbrenning av fossilt brennstoff skapar ubalanse i tilhøvet mellom tilførsel og forbruk av CO2.

Det skulle ta mange år før eg hadde lært nok til å forstå alvoret, og å ta det inn over meg. Men i dag veit eg tilstrekkeleg til at eg har innsett at dette er ei sak vi alle må ta på djupaste alvor – også når det medfører kostnader for kvar og ein av oss. Alternativet, ikkje å gjere noko, er truleg langt verre. Mindre mattryggleik, migrasjon frå område som ikkje lenger er bebuelege, sosial uro og krig kan vere stikkord her. Eg meiner det er all grunn til å vere redd, dersom vi ikkje gjer noko i tide.

Ein annan problematikk som gjer meg redd, er dei sterke tendensane til polarisering mellom ulike grupperingar i samfunnet vårt. Vi har gått frå å vere eit temmeleg homogent samfunn, til å verte eit meir og meir samansett samfunn. Og etter det eg kan sjå, har vi takla denne overgangen svært dårleg. Ein skal ikkje ha lese mykje av alt det som dagleg vert publisert på sosiale media og i kommentarfelta til enkelte nettstader, før ein finn temmeleg groteske utslag av slik polarisering.

Historisk sett er ikkje dette eit nytt fenomen, sjølv om måten det er synleggjort på, er ny. Går vi til vår nære historie, er nazistane sitt folkemord på jødane ein slags kulminasjon av fenomenet. Men Holocaust oppstod ikkje i eit vakuum, og overgrep mot grupper av menneske er heller ikkje noko vi menneske har lagt bak oss. Den slags skjer den dag i dag.

Felles for slike gjerningar er at dei byggjer på det eg vil kalle ein «vi-dei»-tankegang, og dei rammar ofte grupper som er i mindretal i samfunnet, og som på eitt eller anna vis skil seg frå fleirtalet. Slik var det med jødane i Europa, slik er det med rohingaane i Myanmar. Og fleire døme kunne godt ha vore tekne fram.

Og denne «vi-dei»-tankegangen lever i beste velgåande i landet vårt også. Historia har fortalt oss at slikt tankegods kan utvikle seg og verte ei alvorleg utfordring for høvesvis egalitære demokratiske samfunn, slik vi har etablert. Det gjer meg redd.

Men redsle kan motivere. Ikkje berre til panisk agering, men også til å opptre rasjonelt.

Til å stå opp og protestere mot utsegner ein meiner er feil – og tole å verte kritisert for det.

Til å tydeleggjere kva ein meiner er rett, og å stå i ubehaget med å verte konfrontert med meiningar og haldningar ein sjølv slett ikkje deler.

Til å syne andre respekt, uansett om ein deler deira syn eller ikkje. Vi kan neppe få bukt med ei «vi-dei»-tenking ved å pukke på at alle skal vere som «vi». Vi må heller tenkje at «vi» også inkluderer dei vi opplever som ulike oss sjølve.

På den måten kan redsle vere ein viktig ressurs i arbeidet med å skape ei god framtid for dei vi bur saman med på jorda.

Redsel – ein underkjend ressurs