I dette innlegget skal eg skrive om noko eg ikkje har særleg greie på: økonomi. Og utgangspunktet mitt er, slik overskrifta seier: Økonomi sett gjennom brillene mine.

Eg er veldig glad i desse brillene. Dei gjer kvardagen min enklare, og meg sjølv litt meir produktiv. Eg ser å lese, både på papir og skjerm. Eg ser å skrive, både på papir og på tastatur. Eg ser å måle, som er noko eg er blitt meir og meir oppteken av. I det heile teke har brillene mine gjort livet mitt betre enn om eg ikkje hadde hatt dei. Soleis er eg svært nøgd med kjøpet. Men brillene var slett ikkje billige. Dei kosta meg rundt 9500 kroner.

Brillene veg 28 gram. Det gjev ein kilopris på svimlande 340.000 kr, rundt rekna. Så skulle ein tru at dei var laga av svært kostbare materialar. Men nei . I all hovudsak er dette eit plastprodukt. Glasa er av plast, innfatninga er av plast, kan hende forsterka med noko metall inni, det veit eg ikkje. Det einaste eg med vissheit kan slå fast, er at hengslene er av metall. Men dei veg ikkje stort, heller ikkje samanlikna med resten av brillene. Dermed kan ein gå ut frå at råstoffet i storparten av brillene – ein slump råolje – utgjer berre ein uhyre liten brøkdel av det brillene har kosta meg, og som eg har sett meg tent å betale for dei.

Kva er det så som har forårsaka denne kolossale prisauken? Ein stor del av beløpet kan ein bokføre som skatt, som heilt unyansert kan sjåast på som pengar samfunnet avkrev meg for å kunne finansiere ulike fellesgoder.  Ein mindre del er nok påslag frå ulike delleverandørar. Resten er produksjonskostnader. Nokre har prosessert råolja til høvelege plastkvalitetar. Dette krev spesialkunnskap og kompetanse. Andre har formgitt og laga innfatninga. Spesialkunnskap og kompetanse krevst her også. Atter andre har tilpassa glasa til å fungere optimalt i lag med augene mine, basert på optikaren sine målingar og tolkinga av desse.  Nok eit døme på at folk har ein spesialkompetanse som har vore meg til nytte.

Men kvar kjem kompetansen frå? Kven har sytt for at kjemikaren, optikaren, glassliparen er blitt spesialistar innan sine fagområde? Kven har sytt for at brillene kom fram til rette mottakar? Dersom ein tenkjer gjennom dette, vil ein raskt sjå at deira innsats byggjer på innsatsen til andre. Og slik kan ein halde fram, lenge.

For å summere opp: At eg nett no sit med brillene på nasen og skriv dette, er eit resultat av omfattande menneskeleg aktivitet på mange plan og i mange ulike samanhengar. Og det er mitt behov for brillene som har utløyst all denne aktiviteten.

Eg trur eg tør hevde at vi her hos oss har ein økonomi som i stor grad byggjer på utvikling, produksjon og omsetjing av gjenstandar. I 2008 vart dette svært tydeleg. Då hadde vi ei sokalla finanskrise i landet vårt, og den dåverande finansministeren Kristin Halvorsen frå SV gjekk ut i media og oppfordra folk til å handle varer for å halde hjula i gang. At dette umogleg kan vere ein bærekraftig strategi på lang sikt, veit vi. Slik vi no turar fram, brukar vi meir av ressursane på jorda enn det vi bør. Langt meir. 

Samstundes kan det sjå ut som om produksjon og omsetjing av gjenstandar er eit slags medium som vi rettar inn aktiviteten mot og byggjer økonomien vår på. Vi kan gjere det så lenge vi har noko vi kan lage av, og så lenge nokon vil ha det vi lagar.

Men kva gjer vi den dagen vi ser at vi må stoppe av di ressursane er på veg til å verte oppbrukte? Kva gjer vi den dagen vi oppdagar at det ikkje lenger er omsetjing på tinga vi lagar, av di folk ikkje kan eller vil kjøpe dei? 

Eller kan hende er det to andre spørsmål vi burde stilt oss: Kva gjer vi før vi kjem så langt? Og er det sikkert at det kun er produksjon og omsetjing av varer som vi kan byggje økonomien vår på?

Eg vil ikkje hevde at eg veit svar på desse spørsmåla. Men eg trur det vil vere mogleg – og ikkje minst ynskjeleg – å flytte ein del av den menneskelege aktiviteten bort frå produksjon av ting, til produksjon av tenester. Ein føresetnad for det er at folk forstår at livskvalitet ikkje naudsynleg er basert på konsum av ting. At det finnest anna som også kan gi livet innhald. At å gå på ein fotballkamp eller ein konsert kan vere minst like bra som å kjøpe ein ny tv for å sjå slike hendingar heime.  At det å fylle skåpa med innhald ikkje naudsynleg er å fylle livet med innhald.

For min eigen del er eg svært oppteken av kultur i ulike former, og eg høyrer til dei som meiner at kultur ikkje berre er ein slags kakepynt som ein kan leggje på når andre behov er dekka. Eg trur at kulturen vår er ein vesentleg del av det vi er som menneske, og meiner at ei sterk satsing på kultur vil vere godt for folk, både på kort og lang sikt. Religion er også døme på eit område der eg veit mange finn gode livsverdiar. Her skil eg ikkje mellom religionar, og for så vidt andre, ikkjereligiøse livssyn. Å leggje til rette for at folk kan leve i pakt med sitt livssyn utan å verte mistrudde, er eit anna tiltak som er trur er viktig.

Slik ser eg det, gjennom brillene mine. Kan hende ein og annan er usamd, og meiner brillene mine sårt treng å verte pussa?

Økonomi sett gjennom brillene mine