Vi lever i ei tid der det vert produsert langt meir informasjon enn det eit menneske er i stand til å setje seg inn i. Med andre ord: sjølv om eg kvar dag gjer mitt beste for å auke eige kunnskapsnivå, vil det den dagen eg døyr finnast meir informasjon eg ikkje kjenner til, enn det var den dagen eg vart fødd.

Det er også slik at den informasjonen som vert delt i dag, ofte er meir fragmentert enn han var før. Då eg gjekk på skule, vart mykje av den teoretiske kunnskapen eg tileigna meg presentert i form av lærebøker. Informasjonen vart lagt fram i ein samanheng. I dag kan ein søkje opp informasjon som er nokså fristilt frå samanhengen han er ein del av. Slikt kan medføre underlege resultat, har eg sett. 

Så kva gjer vi? For eigen del trur eg det er viktig at eg foretek ei viss sortering før eg brukar for mykje tid på informasjon eg vert presentert for, og vi har alle nokre verktøy vi kan nytte til dette.

 

Kva er faktagrunnlaget for informasjonen ?

Når eg møter påstandar som anten er ny informasjon for meg eller som eg synest strid mot det eg tidlegare har oppfatta, brukar eg å spørje kva som er faktagrunnlaget for ein påstand. Kva er kjeldene, korleis er desse belagt, kva finnest av vurderingar av kjeldemateriellet? Det hender eg er blitt kritisert for det, men det står eg i. For meg er det ikkje likegyldig om informasjonen er henta frå eit kjent forskningsmiljø eller ein meir eller mindre tilfeldig privatperson.

På generelt grunnlag vil eg seie at eg fester større lit til påstandar som let seg etterprøve, enn til påstandar som strengt teke ikkje er anna enn vurderingar frå ein person eg ikkje kan vite noko om. Og dermed kjem vi inn i neste problemstilling: korleis vurderer vi påstandar vi vert møtt med?

Kva er vurderingsgrunnlaget mitt ?

Vurderingsgrunnlaget mitt er todelt: Det ein handlar om korleis eg vurderer truverdet til kjeldene. Som sagt har eg større tiltru til informasjon som er etterprøvbar, og som kjem frå folk som eg har grunn til å tru veit kva dei skriv om.

Men det handlar også om kva eg meiner å vite om emnet på førehand. Eg har ei stor tru på den russiske psykologen Lev Vygotski sine teoriar om sosialkonstruktivistisk kunnskapsbygging. Enkelt sagt går den ut på at vi utvidert eigen kunnskap gjennom å knyte ny informasjon opp mot kunnskap vi alt har. I ei verd der informasjonen kjem i små brokkar som vi sjølve må lage eit heilskapleg bilete av, vert akkurat denne prosessen svært så viktig.

Samstundes må vi vere medvitne om at det ligg ei fallgrube her: Dersom det vi meiner å vite frå før, likevel ikkje er rett, så vil vi lett gjere ny informasjon som elles er korrekt nok, om til eit desinformerande tilbygg til eigne feiloppfatningar og fordommar.

Og endeleg er det slik at vi har eit verdiperspektiv på kunnskapen vi vurderer. Påstandar vi vert møtt med, vert ikkje berre vurdert opp mot faktagrunnlag og eigen tidlegare kunnskap. Dei kan også verte vurderte opp mot det verdisynet vi har. Eit felt der dette har vore spesielt synleg i det siste, har vore korleis Islam er blitt omtala. Eit anna handlar om diskusjonen kring juridisk kjønn.

Eg trur dette er faktorar det er viktig å vere merksam på, fordi det til sjuande og sist er kva vi gjer med informasjonen vi møter, som avgjer kva kunnskap vi til slutt har erverva. Det nyttar ikkje å kvalitetssikre informasjonen, dersom vi ikkje også kvalitetssikrar eiga handsaming av denne.

Kor viktig er informasjonen ?

Kven vann songtevlinga «Idol» i 2006? Vi som hugsar attende til dette året, minnest kan hende at det var eit rimeleg stort medieoppstyr rundt konkurransen, både dette året og åra før. Men kven som vann, og kvifor, vil eg tru det er dei færraste som går rundt og hugsar i dag. Saka var vel, oppstyret til trass, neppe verdt å minnast. (Vinnaren var før øvrig Aleksander Denstad With.)

Og kven vann Nobelprisen i medisin/fysiologi dette året? Eg må medgi at eg måtte slå det opp, og lese meg til grunnen for tildelinga. Då oppdaga eg forresten at det vinnarane (Andrew Z Fire og Craig C Mello) fekk prisen for, har direkte relevans til noko mange i dag er opptekne av, og til dels har sterke meiningar om. Den som er nyfiken nok, kan sjekke sjølv…

I ei fornuftig verd ville arbeidet til desse to blitt dekka av media i langt større grad enn vinnarinnslaget i Idol. Men slik er det ikkje, og grunnen til det trur eg skuldast noko eg gjerne kallar «spektakularitetsprinsippet». Det er ikkje naudsynleg den viktigaste informasjonen vi har fokus på, men den som vi av ulike grunnar vert mest engasjerte av. Og i ei verd der mykje av verdien av informasjon vert målt med utgangspunkt i kor mykje han vert lesen – kor mange «klikk» han får – er det ikkje rart at vi kan la oss distrahere av underhaldande, men uvesentleg, informasjon. Media legg i stor grad til rette for at denslags informasjon er lett tilgjengeleg.

Det er ikkje mykje vi kan gjere med dette, anna enn å stille spørsmålet: «Kva konkret nytte har eg av denne informasjonen?» For å ta eit døme frå ei av dei største nettsidene for nyhende i Noreg, nrk.no : I dag, den 14. januar 2021, kan dei informere ålmenta om at det var – sitat «Fest i Downing Street kvelden før prins Philips begravelse». Javel – kva skal eg gjere med den informasjonen?

Eit forsøk på oppsummering

Med dette vil eg få fram at vi sjølve har ein jobb å gjere når det gjeld å verte informert om verda vi lever i, og at det er mange ting som kan påverke det som til slutt vert ein del av vår oppfatning av verda.

Vi må vurdere faktagrunnlaget i informasjonen.

Vi må vere vakne for vårt eige grunnlag for vurdering av informasjonen.

Vi må vere litt kritiske til kva informasjon vi vel å bruke tid på.

Illustrasjonsbiletet over er attgitt med løyve. Meir info om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

Kjeldekritikk – ein nyttig vaksine mot feilinformasjon