Teknikken eg nyttar når eg målar, kallast eggtempera. Det er ein meir enn tusen år gamal måleteknikk, der ein blandar fargepigment i pulverform, i ein emulsjon beståande av eggeplomme og vatn tilsett eddik, alternativt eggeplomme og kvitvin. 

Den ferdige målinga er ekstremt fargestabil, men toler lite fysisk påverknad. Mellom anna vil eit lett bevegeleg underlag, som til dømes lerret, vere lite eigna av di den stive målingsfilmen lett vil sprekke opp. Difor nyttar ein helst harde plater som grunnlag. Sjølv nyttar eg plater av stavlimt tre. 

Måling vil også trenge vern mot berøring, og det er difor vanleg å dekkje bileta med eit vernande overflatelag. Ein ferniss basert på olje er ei løysing. For min del har eg vald å bruke bivoks, som vert tunna ut med terpentin til ein pasta, og varsamt lagt over biletet med fingrane, eller med eit mjukt tekstil.

Sjølve måleprosessen er omstendleg. Ein må byggje opp fargeflatane med fleire strøk, og ein kan ikkje arbeide lenge på ein og same staden på biletet.

Du kjem attende til sida «Ikon og tradisjon» ved å peike og klikke her.

Slik førebur eg arbeidet mitt