«Vårherre sette ein stoppar for globalismen alt i første Mosebok,» var det ein som skreiv på Facebook her om dagen. Eg måtte humre litt då eg såg det, for vedkomande nytta altså ei meir enn tre tusen år gamal soge frå eit heilt anna himmelstrøk til å understreke at det ikkje var bra at vi såg litt lenger enn til eiga landegrense.
Men vedkomande peika på eit fenomen som mange av oss – eg sjølv inkludert – opplever, nemleg at det kjennest som om den store verda med alt sitt mangfald, på godt og vondt finn vegen innanfor våre heimlege grenser og skapar seg eit slags fotfeste der. Og mange er dei som kjenner på at vi i altfor stor grad bryr oss om folk «der ute» og har fokus på deira behov og ynskje, på bekostning av folk «her heime» og dei behov og ynskje desse måtte ha.
Difor er det ikkje sjeldan at ein høyrer omgrep som «globalisme» – og «globalistar» om dei som har sans for denne «ismen» – og omgrepa er ikkje nytta som heidersnemningar. Tvert om.
Tillat meg å tone flagg med det same: På ei sjekkliste over kva som kjenneteiknar ein globalist, ville eg truleg ha kryssa av på dei fleste punkta. Eg trur det er viktig å ha eit engasjement for folk i delar av verda eg neppe vil få sjå med eigne auge. Eg er ikkje negativt innstilt til folk som meiner og trur noko anna enn eg sjølv. Eg trur ikkje at eit større mangfald av verdiar og anna tankegods vil utarme dei verdiane og idéane eg sjølv står for. Dei kan og bør utfordrast, og det kan vere stritt nok til tider. Men toleranse er etter mitt syn vilje til å tole ubehaget med å vere usamd, og det er noko eg bør klare å stå i, meiner eg.
For ein del år sidan møtte eg ein tanke som eg i utgangspunktet syntest var snodig: Nokre britiske forskarar hadde fremja ein idé om at vi var genetisk disponerte for å leve eit sosialt liv i små grupper. Historikaren Yuval Noah Harari skriv i si bok «Sapiens» om denne forunderlege dyrearten som kallar seg menneske, at kan hende klarte vi å overvinne konkurrerande mennesketypar, ikkje grunna fysisk styrke og høgare intelligens, men gjennom evnen til å danne små samarbeidande grupper. Det kan vere ei mogleg forklåring på at vi gjerne har ein hang til i større grad å ha tiltru til, interessere oss for og identifisere oss med, andre menneske som liknar oss sjølve.
Slike genetiske eigenskapar kunne vere nyttige i ei tid der menneska levde i små, relativt svake grupper, omgitt av fårer dei ikkje alltid evna å rå med på eiga hand. Men etter kvart som samfunna endra seg til større og større einingar, kunne desse eigenskapane vere kontraproduktive. Vi ser at det ein gjerne kallar «vi-dei-tenking» er ein viktig faktor i dei fleste konfliktar mellom grupperingar – det vere seg på lokalt nivå, eller på internasjonalt nivå.
Og det er ikkje einaste dømet på at eigenskapar som ein gong var nyttige, no kan utgjere eit problem av di situasjonen endra seg:
I tider med ujamn og kan hende utilstrekkeleg tilgjenge til føde var evnen og viljen til å ta til seg mest mogleg tilgjengeleg næring, nyttig. Dette borga for at den einskilde fekk i seg det vedkomande trengte til å ha god helse og krefter til å klare kvardagen. Det er freistande å vri litt på eit uttrykk frå Bergpreika: «Salige er dei glupske, for dei skal arve jorda!».
I vår del av verda er det for tida overflod med mat. Men mange av oss – eg er ein av dei – er framleis like glupske som forfedrane våre var, og resultatet er ei svært lite helsesam utvikling av overvekt blant folk. Ein eigenskap som tidlegare var positiv, er blitt problematisk for oss.
På same vis trur eg det er med dei som no føler at dei er omringa av folk som vil pådytte oss alt det vi opplever som framandt: andre syn på verda, andre verdiar, andre skikkar. Dei vil til og med forsyne seg av dei godene vi opplever som våre.
For verda er på ein måte blitt mindre, og dermed er vi komne tettare på kvarandre. For å ta eit døme: Då eg i 1972 reiste i lag med bestemor mi på ein tur frå Bergen til Solvorn i indre Sogn, der slekta hennar kom frå, var vi på reis i om lag 24 timar. For fire år sidan reiste eine dottera vår på ein tur frå Bergen som også tok om lag 24 timar. Då reisa hennar var slutt, var ho komen til New Zealand.
I dag, siste maidagen i 2022, er det krig i Ukraina. Ei av fylgjene av denne krigen er at ein forventar ein forverre matvaresituasjon i Afrika og delar av Midt-Austen, med hungersnaud som ein høgst reell fåre.
Det som skjer ein stad på jorda, får direkte konsekvensar for folk heilt andre stader.
Slikt kan vi ikkje vende oss vekk frå. Dette er ein del av livet og lagnaden til oss som bur på denne jorda nett no. Då vert det feil å late som om det som skjer i andre land, ikkje angår oss! Og det å bry seg er ikkje berre eit spørsmål om moral, men det handlar om oss sjølve også.
Så litt om eit anna fenomen, det faktum at vi vert utsett for nye og framande tankar, idéar og verdiar. Slikt kan kvar og ein av oss oppleve som truande, av di det kan utfordre det vi sjølve står for.
For eigen del er eg ikkje så veldig bekymra, og det er det to grunnar til:
For det fyrste er vi til alle tider blitt eksponerte for nye tankar, nye impulsar. Og nokre av desse impulsane har vi lært oss å setje stor pris på. Lat meg ta eit lite døme på noko som ein gong var ein viktig impuls her til lands, men som faktisk vart forbode då Noreg fekk eiga Grunnlov i 1814. I §2 i lova heitte det mellom anna – sitat: «Jesuiter og Munkeordener maae ikke taales.» Munkeordenar vart tillatne i 1897, jesuittar i 1956.
Men klostervesenet i Noreg innførte fruktdyrking, ga eit visst helsetilbod for både høg og låg, ga opplæring i boklege syslar – noko mellom anna jesuittane var svært opptekne av – og for mange var det å gå i kloster einaste høvet dei hadde til å få arbeide med det dei hadde lyst og evne til. Med andre ord: det som fedrane på Eidsvold ville halde utanfor landegrensene våre, hadde alt lenge gitt oss gode og nyttige impulsar.
Slik kan ein nemne mange impulsar vi har fått utanfrå, og som vi har gjort til vårt eige. Og det er ingen grunn til å tru at vi ikkje også i framtida vil få del i impulsar som vi etter kvart ser er gode for oss.
Men det betyr ikkje at vi utan motforestillingar berre skal kaste vårt eige på båten, og kritikklaust omfamne alt som kjem rekande vår veg. Vi har ein evne til å tenkje sjølv, og den ressursen må vi nytte oss av. Og dei gode verdiane, dei gode idéane, dei gode tradisjonane våre skal vi stolt vise fram til alle vi møter på vår veg. For impulsar er ikkje berre noko vi får. Det er i like stor grad noko vi gjev.
Og det kan skje på mange ulike måtar. Vedkomande som eg siterte i starten av dette innlegget, sa noko klokt om dette ein gong. Eg hugsar ikkje utsegna ordrett, men det som låg i henne var at integrasjon kan skje på ein god måte over ein kaffikopp, gode naboar imellom. Eller som Bjørnstjerne Bjørnson så vakkert har formulert det i sjette verset av fedrelandssangen vår:
«Fienden sitt våpen kastet,
opp visiret for,
vi med undren mot ham hastet;
ti han var vår bror.»
Biletet over artikkelen er ikkje tilfeldig vald.