Jødefolket har ei lang historie knytt til det å bu i utlendigheit – det ein kallar diaspora. I Det gamle testamentet les vi om stamfaren Abraham som utvandra frå Ur i Mesopotamia,  og som ikkje ein gong eigde jord til si eiga grav, men måtte kjøpe den av andre.

Det er berre i ein liten del av jødefolket si historie at jødar har kunna busetje seg i eit land dei har kunna kalle sitt, bak grenser dei har evna å forsvare, og også då har det levd jødar i diaspora, kan hende fleire enn dei som budde i landet sitt.

Då romarane i år 70 øydela jødane sitt tempel, gjorde dei til inkjes det som hadde vore det samlande midtpunktet i jødisk kult. Tempelet vart ikkje attreist, noko som gjorde at jødane måtte finne andre måtar å samle seg om religionen sin på. Den eine var å knyte kulten endå tettare til dei heilage skriftene, Torah, men også gjennom å ta vare på og utvikle særeigne skikkar, til dømes knytt til sabbatsfeiring, og til mattradisjonar og klesdrakt.

Heimen og familien vart arenaen for denne måten å halde ved like både ein religiøs og ein nasjonal identitet, og denne arenaen fantest over alt der det var jødar, i diaspora. Slik er det den dag i dag.

Etter kvart kunne ein finne jødiske miljø i dei fleste land i Asia, Afrika og Europa, og etter at folk tok til å emigrere frå Europa til Amerika, vart det etablert jødiske miljø også der.

Felles for desse miljøa var at dei som levde i dei, i skikk og sæd framstod som ulike dei som elles budde i landet dei var i. Ikkje sjeldanvart dei handsama ulikt andre innbyggjarar i landet. Mange stader var jødar nekta å eige jord, og ikkje fekk dei busetje seg kvar dei ville og drive alle former for næring eller handverk. Jødane måtte bu i særskilte gater, kvartal eller område, og desse vart etter kvart omtala som ghettoar. Ikkje sjeldan vart samkvem mellom jødar og andre innbyggjarar regulert av reglar som kunne verte strengt handheva.

Epidemiar var ikkje sjeldne i byane i Europa i tidlegare tider, og ein har døme på at den strengt regulerte omgangen mellom  jødar og andre innbyggjarar, saman med at jødane hadde andre tradisjonar knytt til hygiene, førte med seg at epidemiar som gjekk hardt ut over innbyggjarane i ein by, i mindre grad ramma den jødiske folkesetnaden.

Det skulle ein tru ville vere bra for jødane, men ikkje sjeldan førte slike situasjonar til at jødane vart skulda for å ha forgifta brunnane til dei andre. Og dette er berre eitt av mange døme på vandrehistoriar som vart klistra på jødane, og som i stor grad påverka folkeopinionen i mange land. Det mest kjende dømet på den slags historier er vel boka som ofte vert kalla «Sions vises protokoller». Boka gjev seg ut for å vere eit dokument som skildrar ein konspirasjon der jødane skulle ta over makta i verda. Til tross for at boka alt tidleg vart avslørt som eit falsum, var – og er, kan det sjå ut som – det folk som trur på dette som om det var reine sanninga. Slikt har hatt konsekvensar!

Opp gjennom historia har jødane vore eit forfylgd folk. Forfylgjinga av jødane fekk eit grotesk høgdepunkt med Holocaust. Men det er verdt å merke seg at forfylgjing av jødar hadde pågått i lang tid før dette, og i mange land. Og framleis er det grunn for jødar i mange land å kjenne på at det ikkje er trygt for dei å bu der dei er, nettopp av di dei er jødar.

Men det er naivt å tru at det berre er jødar som har vore og er utsett for overgrep frå storsamfunnet dei er ein del av. Minoritetar i mange land har i ulik grad kjent på det same, og nokre stader gjer dei det den dag i dag. Kan hende rohinga-ane i Myanmar kan stå som eit døme på dette.

Det kan sjå ut som at det kan straffe seg å framstå som annleis enn det «folk flest» i eit samfunn gjer. Og kan hende jødane hadde opplevd mindre forfylgjing dersom dei i større grad hadde latt seg integrere, og framstått som meir lik dei som dei budde saman med, kven veit? Eg veit ikkje, men eg synest spørsmålet i seg er skummelt, av di ein lett kan kome til å framstille pogromar og andre uttrykk for undertrykkjing som noko jødane sjølve hadde ansvar for, nettopp av di dei insisterte på å halde eigne skikkar og kulturuttrykk i hevd.

Ansvaret for ei ugjerning er aldri offeret sitt, men kviler eine og åleine på gjerningspersonen.

I dagens Noreg er situasjonen den at synet blant folk flest på  jødar er positivt – også blant dei som er usamde i Israel sin politikk andsynes palestinarane – men at det finnest einskilde grupperingar av folk som framleis har eit hatsk syn på jødar. Einskilde av desse finnest på den sida av det politiske spekteret der brunfargen er framtredande, andre ser ut til å springe ut av militante islamistiske miljø.

Dette er ein situasjon vi som storsamfunn må ta inn over oss på det djupaste alvor, og det er godt å sjå at folk har teke og tek til motmæle når ein opplever slike uttrykk for hat, som til dømes då Synagogen i Oslo vart utsett for beskyting. Ei vakker påminning om  dette var at det vart arrangert fredsmarkeringar rundt synagogane i Oslo og Trondheim, der mange muslimske ungdomar var med.

Og at muslimsk ungdom både var med som initiativtakarar til markeringane og deltok i stort antal, er nok ikkje tilfeldig. For dei var det nok ein måte å markere avstand til handlingane islamisten Arfan Bhatti hadde gjennomført.

Men at det kom eit uttrykk for solidaritet frå dei unge muslimane sin kant, er kan hende uansett ikkje så rart. For i dagens Noreg har muslimane på mange måtar overteke den rolla som «framand» som jødane tidlegare hadde. Dette gjev seg utslag på mange vis. Eg tillet meg å nemne nokre:

Ansvaret for ugjerningar som kjer i Islam sitt namn, vert projisert over på den einskilde muslim ved at ein hevdar at religionen til vedkomande legitimerer ugjerningane.

Det vert hevda at utbreiinga av Islam har som mål å etablere eit verdsvidt kalifat – er det nokon som får assosiasjonar til «Sions vises protokollar»?

Kleskodeksen til einskilde muslimar vert problematisert. Det kvinnelege hovudplagget «hijab» vert oppfatta som eit uttrykk for undertrykkjing, og forslag om forbod har vore fremja. Interessant nok er det ingen tilsvarande problematisering rundt den jødiske kippah-en, turbanen som mannlege sikhar nyttar, eller hovudplagga som vert nytta av nonner.

Ein annan påstand er at mange ikkje vil la seg integrere, det vil seie verte meir lik majoriteten i storsamfunnet dei bur i. Spørsmålet er det same som for jødane: Er dette god nok grunn for å utsetje folk for mistru?

For det er ikkje til å kome forbi at mange muslimar vert utsette for mistru, og i forlenginga av dette: ringeakt. Koranbrenning er eit godt døme på dette. Einskilde unnskyldar dette med å kalle det religionskritikk. Etter mitt skjønn er det i så fall ein svært dårleg  formulert kritikk. Ikkje seier han noko om kva ein konkret er kritisk til, heller ikkje kva kritikken byggjer på. Det einaste «kritikarane» oppnår, er at muslimar med god grunn kjenner seg provoserte. Og kan hende provokasjonen er handlinga sitt eigentlege mål?

At folk i ytringsfridomen sitt namn kritikklaust klakkerer koranbrenninga, vert nok lagt merke til. Eg vil tru det lett kan oppfattast som at samfunnet vårt synest koranbrenning er gode greier, at dette er noko storsamfunnet meiner er rett. Ein og annan burde kan hende spørje seg sjølv om dette er ei framferd som motiverer folk til å opne opp mot storsamfunnet, eller om det tvert imot bidreg til ei forsterking av dei skiljene vil ser.

Og kva konsekvensar kan vi tenkje oss det i så fall vil ha?

Biletet oppe på sida er teke i Auschwitz, etter at Den raude armé frigjorde leiren 27. januar 1945. Det syner truleg ei gruppe born som var blitt vurdert som arbeidsdyktige, og som difor ikkje vart gassa i hel ved ankomst til leiren, men sett i hardt tvangsarbeid. Grunnen til at dei var der: Dei var jødar.

Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

Vi små i storsamfunnet, ved nokre av oss