År 1700 vart eit forunderleg år i kongeriket Danmark-Noreg. Til tross for at det var eit skotår, vart år 1700 det kortaste året i historia vår. Grunnen var at ein då gjekk over frå den julianske kalenderen til den gregorianske. Den gamle kalenderen var komen fleire dagar på etterskot, og for å ta att det tapte, bestemte kong Fredrik IV at ein dette året skulle ta vekk 11 dagar i februar.  Dagen etter 18. februar vart 1. mars.

Ikkje alle var like glade for dette. Det var dei som meinte at kongen hadde stole 11 dagar av liva deira. Men for mange var det nok alvorlegare at merkedagar og høgtidsdagar vart flytta i høve til det som hadde vore sedvane.

Jula, til dømes, kom 11 dagar tidlegare enn ho hadde gjort før. Mange meinte dette var feil, og heldt fram med å høgtide jula på same tid som før. Trettendagen vart ein viktig dag.

«Dagen vart halden jamngod med juledag, og mange heldt den for å vera rette juledagen. Dette heng saman med skiftet frå juliansk til gregoriansk kalender, som einskilde reagerte så sterkt mot at dei heldt fast med dateringa av festdagane slik dei låg tidlegare.
I 1753 skreiv presten Thomas von Westen Angel frå Lindås, at ein del gamle bønder, særleg lengst inne i fjordane ikkje høgtida vår julehøgtid. Vel gjekk dei til kyrkje for å høyra på preika, men så snart dei kom heim, dreiv dei med eitkvart husarbeid. Først 12 dagar etter vår julehøgtid heldt dei si. Dei meinte at kongen av Danmark hadde endra på religionen, og dei hadde «en invortes Tvivl om Religionens Sandhet og Renhet, menende den er, som julen, forandret,» skriv Angel.»
Sitat: Brynjulf Alvær, Dag og Merke, 1970.

På denne tida var Masfjorden ein del av Lindås prestegjeld, og det er soleis ikkje utenkjeleg at dei «gamle bønder, særleg lengst inne i fjordane» var mine  sambygdingar. Men som ein vil sjå, er det ikkje berre i Masfjorden ein heldt lenge på skikken med å feire jul i januar. Einskilde stader gjer dei det framleis.

Biletet oppe på sida syner symbol på juledagane på ein primstav frå Vang i Oppland.
Foto : Anne-Lise Reinsfelt, Norsk folkemuseum

Attende til Romjulstankar
Jul etter gamlekalenderen