Dette hende natt til 18. mai 1968: Eg var på hyttetur saman med nokre kompisar. Det var om lag midnatt, og natta var så mørk som ei natt kan vere på denne tida av året. Og klår, og heilt vindstille.
Hytta låg ved eit vatn, og eg sat i ein liten robåt ute på vatnet, om lag femti meter frå land. Eg sat heilt still, med andletet vendt mot stranda ved hytta. Der inne stod eine kompisen min, Magne. Saman skulle vi utføre eit «vitskapleg» eksperiment.
Det var kjemilæraren vår som hadde snakka om det, om korleis kjemiske prosessar kunne utvikle energi, i form av varme og lys. Han snakka om kor mykje lys noko så lite som flammen på ei fyrstikk kunne gi. Og det var dette vi skulle teste effekten av.
Magne hadde med seg ei fyrstikkøskje, og på signal frå meg skulle han tenne ei fyrstikk. Så skulle eg sjå om eg kunne få auge på flammen.
«No kan du tenne,» ropte eg inn til Magne. Nokre sekund gjekk, og så kunne eg sjå eit lite lys der inne på stranda. Ein liten flamme, frå ei fyrstikk Magne hadde kveikt på og deretter halde opp i lufta til dess ho brann opp.
Det slo meg at lyset frå den vesle flammen ikkje berre nådde augene mine av di eg tilfeldigvis var så greitt plassert. Eg kunne ha stått kvar som helst med fri sikt og same avstand til flammen, og framleis sett han. Eg kunne sett han oppefrå, eg hadde kunne sett han nedefrå, eg hadde kunne ha sett han frå kvar som helst på ein kuleflate med ein radius på 50 meter. Ei slik kuleflate har eit areal på godt og vel 31.000 rutemeter. Den vesle flammen sende lys i alle retningar, nok til å vere synleg frå alle desse rutemetrane!
Kva har så dette med jula å gjere?
Det handlar om å tenne eit lys når alt er som mørkast.
Vi kan ha ulike oppfatningar av den gamle juleforteljinga, og av personane der. Kven dei var, og kva dei hadde å gjere i forteljinga. Men dei aller fleste har nok ei oppfatning av at hovudpersonen i forteljinga er ein historisk person. Historia om at han kom til verda, er ei historie om ei hending som har funne stad, sjølv om vi ikkje kan slå fast at hendinga har foregått akkurat slik evangeliet etter Lukas skildrar henne.
Fortsetjinga kjenner vi alle til. Det som starta som ei forteljing om eit lite barn, fødd inn i ein småkårsfamilie i eit lite, okkupert land i det store romerske imperiet, vaks til noko stort. Stort, i den grad at historia til så å seie alle menneska som i ettertid har levd på kloden er blitt påverka av det som skjedde, og stort for den einskilde som opplever at i det som startar i denne forteljinga finn han eller ho sin ståstad i tilværet. «Sin plats på jorden,» som den svenske diktaren Wilhelm Moberg ein gong uttrykte det.
Starten på ei forteljing som utvikla seg til ei historie ingen av oss er uberørt av, fortener etter mitt syn ei markering. God jul!
Biletet som er nytta i denne artikklen heiter «Hyrdingane tilbed barnet»,
og er måla av den franske målaren Georges de La Tour. Attgitt med løyve.