Eit innlegg på Facebook i dag vekte nokre minne i meg: Eg tok gymnaset (som det den gong heitte) på Bergen katedralskole. Der var det forutan tre ulike realfagliner, ei naturfagline og tre språkliner.

Gutane i realklassen min hadde gym og delte garderobe med gutane frå klassen som tok latinlina med gresk – den sokalla prestelina. I garderoben gjekk praten lett. Eit stadig attendevendande tema, var dette: «Kven har i størst grad ført verda framover, realistar eller  dei som arbeidde med humaniora?» Som rimeleg var, vart vi aldri samde. Men eg trur begge fylkingane hadde stor glede av å diskutere dette.

I dag ser eg attende på desse diskusjonane med eit smil. Eg ser på dei som ein slags pubertal aktivitet som om ikkje anna ga oss litt trening i å argumentere, og å lytte til motargument. Det trur eg ingen av oss har hatt vondt av.

Om lag på denne tida var eg så heldig å verte kjend med ein kar som på mange vis har forma mi tilnærming til ulike sider ved det å vere ein tenkjande og følande menneske. Han heitte Calle Godske. Eg har skrive meir om han i ein annan artikkel på heimesida mi.

For meg er det ingen verdiskilnad på så ulike fenomen som realfag, humanoria, sport, kunst og religion. Alle kan dei vere viktige komponentar i menneska sine livsopplevingar. Og på kvar sine vis kan dei hjelpe oss til å forstå ulike sider ved det å eksistere her på dene kloden.

I innlegget som fekk meg til å minnast dei verbale aktivitetane i guttegarderoben på katedralskulen, kunne eg mellom anna lese fylgjande fyndige sluttsats: «Realfag er ikkje så eksakt som realistane vil ha det til.» Eg veit ikkje kven vedkomande konkret siktar til. Men eg tvilar på representativiteten til desse realistane, om dei i det heile finnest. 

Derimot har eg ei kjensle av at føremålet med å skrive slik vedkomande gjorde, kan ha vore å hindre at folk skulle legge vekt på utsegner frå naturvitarar om status for livet på jorda med utgangspunkt i den klimaetviklinga som vi ser i dag.

I det same innlegget avla vedkomande matematikken ein visitt, og snakka om talstorleikar som ikkje let seg uttrykkje eksakt med siffer, sokalla irrasjonale tal. At kunnskapen om slike tal er formulert av folk som har studert matematikk, var av ein eller annan grunn ikkje nemnd…

Slik eg oppfattar matematikk, handlar faget fyrst og fremst om å formulere skildringar av samanhengar mellom ulike fenomen og storleikar. I mine auge er dette eit spesialisert språk, formulert og forstått av folk med ein gitt fagleg bakgrunn. Men vi har alle nytte av at nokon kan det, forstår det og nyttar det. Eit døme: Det er mellom anna takka vere anvend matematikk at du som les denne teksten, faktisk er i stand til å gjere det.

Men om realfag er viktige, er dei ikkje alt. Realfag kan seie oss mykje om «korleis», men kjem til kort når det gjeld å finne gode svar på «kvifor».

Ein finn neppe eit matematisk uttrykk for meininga med livet. Men realfag kan hjelpe oss til å forstå korleis vi bør innrette liva våre, både av omsyn til oss sjølve og til alt anna liv på kloden.

Lat fagkunnskap knytt til klimautvikling stå som eit aktuelt døme på dette.

Foto: Fraktalbilete, laga av Bob Kingsley. Attgitt med løyve.

Om realfag og andre menneskelege fenomen