Det er to personar utanfor familiekrinsen som meir enn andre har påverka meg og mitt syn på verda. Den eine var ein gamal misjonær, Nils Skjelaaen, som på sitt heilt personlege vis vart ein vegleiar for meg inn i kristen tru og tanke. Den andre var ein kjend vitskapsmann, professor ved Universitetet i Bergen, Carl Ludvig Schreiner Godske, eller Calle som var namnet vi brukte om han, vi som hadde gleda av å vere ein del av ungdomsmiljøet han skapte rundt seg og det vitskaplege arbeidet sitt.

Calle var i høgste grad det ein må kalle eit renessansemenneske. Han var høgt respektert innan fagfeltet sitt, som var meteorologi. Ein viktig del av det vitskaplege arbeidet hans handla om å bruke matematiske modellar til å utarbeide verprognosar. Calle var ein av dei fyrste her på berget som systematisk nytta IT i arbeidet sitt. Teoretisk meteorologi, som han kalla dette fagområdet, er eit viktig grunnlag for moderne, it-basert vervarsel.

Men Calle hadde også stor interesse for kunst og kultur. Eit døme på dette: Etter ei studiereise der han studerte matematikk, ga han ut ei bok om kyrkjearkitektur, i stor grad basert på nedteikningar og fotografi av kyrkjer han vitja under reisa. Boka hans, «Kirken den er et gammelt hus» framstår den dag i dag, meir enn 70 år etter at ho vart utgitt, som ei grundig og god innføring i kristen tru og tenking, slik dette har manifestert seg i kyrkjekunst og kyrkjearkitektur.

Også i andre samanhengar nytta Calle ofte referansar til kristen tru, tanke og kultur. Kva livssyn han sjølv hadde, veit eg eigentleg ikkje. Men eg fekk inntrykk av at han var agnostikar. Ein romsleg og tolerant agnostikar, det var han i så fall. Ein kompis av meg og eg hadde ei fortid som medlemer av Storetveit kristelige ungdomsklubb. Calle ga oss oppnamnet «englene fra Storetveit». Men det var gjort med eit smil, og eg opplevde aldri at eg måtte forsvare at eg hadde det livssynet eg hadde.

Calle var oppteken av å formidle sin store kunnskap om realfag og humaniora til unge menneske, som undervisar og rettleiar på Universitetet i Bergen og som forelesar på andre universitet og læreanstaltar rundt om, men også gjennom å arrangere årlege sommarkurs i regi av stiftinga «Forsking og friluftsliv», og gjennom faste samlingar i heimen sin. Kvar fyrste måndag i månaden frå september til mai var alle som ville, velkomne heim til Calle for å lytte til klassisk musikk. Og vi var mange som kom.

Den dag i dag, meir enn femti år seinare, kan eg ikkje høyre Bach sin Brandenburgarkonsert nr.2 utan å sjå for meg alle vi som sat på stolar rundt om i stova hans, eller låg på stovegolvet medan Calle fortalde om ulike komponistar og spelte smakebitar frå musikken deira. Framleis kan eg sjå for meg den lange luggen hans som nesten nådde ned på platerillene når han skulle finne det rette sporet og setje på musikken.

Det er ingen tvil om at Calle ga meg viktige impulsar som stimulerte den djupe musikkinteressa eg har hatt i alle år sidan. Men han ga meg noko meir – noko langt meir:

Han lærte meg at musikk, biletkunst, litteratur, matematikk, meteorologi, historie, religion, kort sagt alle fagfelt innan realfag og humaniora, er fasettar av det å vere menneske, og at det å vere menneske er å samhandle med alt som rører seg på jorda. At det er slik som Gro Harlem Brundtland lang tid seinare formulerte det: «Alt henger saman med alt.»

I botnen av dette låg ein stor respekt for den kunnskap som ulike personar hadde opparbeidd innan sine fagfelt, og som dei hadde vidareformidla. “If I have seen further it is by standing on the shoulders of Giants”. Dette sitatet skal vere henta frå eit brev Isaac Newton skreiv i 1675, men opphavet til sitatet er truleg frå Bernard frå Chartres, som levde på 1100-talet. Dermed vert det ein fin samanheng mellom innhaldet i sitatet og Isaac Newton sin bruk av det, og til mine minne om Calle.

Calle har vore med meg i tankane, heilt sidan eg fekk lære han å kjenne. Men i det siste har eg tenkt ekstra mykje på Calle. Eg har lurt på korleis hadde reagert, dersom han hadde sett kor lett det er å misbruke sosiale media til å slenge ut påstandar utan substans – og å verte trudd på det.

Det vil seie, eg lurar i grunnen ikkje så mykje på det. Eg trur at han hadde etterlyst respekt for opparbeidd kunnskap, og han hadde oppmuntra til innhenting og opparbeiding av ny kunnskap. Eg trur han hadde oppfordra alle til å gjere kritisk, men fordomsfri bruk av kunnskapen andre har opparbeidd seg.

Og ikkje minst trur eg at hadde han mant til respekt for fakta – også når dei ikkje samsvarar med det ein sjølv har trudd, eller framleis vel å tru på. Eg hugsar ein anekdote han delte og flirte godt av:

«I samband med utgravingane av ei kongegrav I Egypt vart det fortalt at ein hadde oppdaga lange kopartrådar som var lagt rundt heile gravanlegget. Dette vart tolka slik at egyptarane måtte ha kjent til bruk av telegraf. Litt seinare kom det for dagen at historia med kopartrådane berre var oppspinn. Konklusjonen vart: Egyptarane må ha kjent til bruken av trådlaus telegraf!»

Moralen i anekdoten står seg godt,  den dag i dag.

Ein skal ha respekt for fakta