For ein del år sidan gjekk tv-serien «The Jewel of the Crown» på NRK. Serien handla om dei siste åra av Det britiske imperiet si tid som kolonimakt i India, og historia vart fortalt gjennom liva til fleire personar.

Mellom desse var ei eldre dame som hadde arbeidd som misjonær i mange år. På eit tidspunkt vart ho konfrontert med hardnakka rykte om at ho hadde seksuell omgang med ei anna kvinne, noko ho nekta for. Men då ho forstod at ho ikkje vart trudd, kom eit fortvilt utbrot: «Kva skal eg seie for at de skal forstå at eg snakkar sant, dersom de alt har bestemt dykk for at eg er ein løgnar?»

Dette gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Kva kan eit menneske seie for å overtyde om at det snakkar sant, dersom tilhøyrarane alt har bestemt seg for at personen er ein løgnar? Eg trur det var der og då eg forstod kva krefter som ligg i omgrepet definisjonsmakt.

Klarar ein å plassere eit menneske i ein bås ved å gi andre folk forestillingar om kva menneske den personen er, er det lett for at alt vedkomande seier eller skriv, vert tolka ut frå desse forestillingane.

Seinare har eg møtt og kjent att dette fenomenet i mange samanhengar, til dømes i diskusjonar på sosiale media. Det er tydeleg at det å tilrane seg definisjonsmakta i ein diskusjon gjev den som klarar det, eit fortrinn. Ein treng ikkje lenger argumentere for eigne synspunkt, det held med å definere kva (ikkje kven) motparten er.

Sjølv er eg blitt karakterisert som ondskapsfull, politisk korrekt, woke, som ein person utan evne til å tenkje utanfor boksen, ein som ukritisk svel det autoritetane kjem med, ein som kjem med raudblyanten og heile tida skal  pukke på kva som er rett og kva som ikkje er det. Det er ikkje argumentasjonen min som kjem i fokus, men kva eg som person vert definert som av den/dei som måtte vere usamd med meg.

For eigen del kan eg leve fint med det, av to grunnar:

Det eine er at eg i utgangspunktet ikkje er så oppteken av kva folk meiner om ei sak, som kvifor dei meiner det dei gjer. For meg er dei fakta, dei verdiane og dei vurderingane som ligg til grunn for eit standpunkt, av større interesse enn sjølve standpunktet. At NN meiner det og det om ei sak kan eg ta til etterretning. Kvifor NN meiner som han eller ho gjer, kan eg lære noko av.

Det andre er at eg opplever slike karakteristikkar av meiningsmotstandarar som eit fattigsleg forsøk på å flytte fokus vekk frå eit ordskifte om sak, til ein diskusjon om person. Å ta mannen for ballen, heiter den slags på fotballspråket.

Men på fotballbanen vert ei slik framferd ikkje tolerert. Reaksjonen er gult kort fyrste gongen, raudt kort dersom uskikklen gjentek seg.

Andre stader han ein ikkje høve til å sanksjonere slik. Men heilt utan verkemiddel er ein ikkje:

Ein måte er å ikkje late seg distrahere, men ha fokus på sak.

Ein annan måte er påpeike kva tjuvtriks det er nokon prøver seg på.

Det er ikkje sikkert at det hindrar nokon i å prøve seg på bruk av definisjonsmakt, men det kan i det minste vere greitt at den eller dei som måtte lese det, vert merksam på kva som er i ferd med å skje.

Til den som måtte lure på kvifor dette innlegget er illustrert med eit bilete frå ein tyrefektararena: Biletet syner korleis tyrefektaren brukar det raude tørkledet – muletaen – til å få oksen til å fokusere på noko anna enn det som oksen burde ha fokus på. Det er litt den same taktikken som når saksargument vert bytt ut med personkarakteristikkar.

Men vi er kan hende litt smartare enn ein okse, eller?  Bilete: Tomas Castelazo ©

Nokre tankar om definisjonsmakt