Når eg har skrive litt om den eine av dei to personane utanfor familien min som har hatt mest å seie for meg, mine tankar og mine verdiar, mine haldningar og mine meiningar, er det kan hende rimeleg at eg skriv noko om den andre personen også.

Han heitte Nils Skjælaaen, og hadde tenestegjort som misjonær. Eg veit ikkje så mykje om han som person, for han var ein svært privat mann som i all si gjerning hadde fokus på ein heilt annan person, nemleg Jesus Kristus.

Eg veit at han hadde vore misjonær i Brasil. Då eg vart kjend med han, rundt 1973-74, var han pensjonist. Men ein aktiv sådan. Sjølv møtte eg han på ein serie med bibeltimar på Fantoft studentby.

Desse møta var enkle: Vi sat eit tjuetals ungdomar i ring på stolar i eit rom. Nils innleidde gjerne med å lese frå Bibelen, og så fortalde han. Delte med oss eigne opplevingar, eigne tankar. Det var det heile. Men det var nok.

No i ettertid synest eg det er vanskeleg å peike konkret på kva det var som gjorde at Nils kom til å påverke meg og mi tilnærming til kristendommen i den grad det har gjort. Men eg trur det kan ha skuldast at mange av dei tankane han delte med oss, ga gjenklang i meg på ein slik måte at dei vart mine eigne, eller kjendest som om dei alt var mine eigne, og at eg hadde berre ikkje klart å setje ord på dei før Nils gjorde det for meg..

Eg har lyst til å dele ei historie eg hugsar Nils fortalde, og seie litt om kva den gjorde med meg:

Nils fortalde om ein togtur han hadde hatt – eg trur det var mellom Bergen og Oslo. Han delte kupé med to menn han kjende. Den eine var katolikk, den andre hadde eit meir fjernt tilhøve til kristen tru. Sistnemnde prøvde å få til ein diskusjon mellom Nils og katolikken, ved å prøve å dra i gang eit ordskifte om eitt eller anna emne der han venta Nils og katolikken kom til å vere usamde.

Men Nils lukta lunta, og stilte katolikken fylgjande spørsmål: «Trur du at Kristus døydde på krossen til forlating for syndene våre?» «Ja,» svara katolikken. «Då er vi samde om det viktigaste,» sa Nils, og dermed var den diskusjonen lagt daud.

Då er vi samde om det viktigaste.

Dette var tanken som Nils delte med meg den gongen, og som sidan har vakse og festa seg i minnet mitt. Den kristne kyrkja er mangslungen, både i form og innhald. Gudstenestene er ulike, det teologiske tankegodset sprikar i mange retningar. Nokre kyrkjesamfunn er nesten like gamle som kristendomen sjølv, andre er nokså nye.

Det hender at eg samanliknar Den kristne kyrkja med ein landsby, der kvart kyrkjesamfunn er eit hus i landsbyen. Nokre hus er gamle, andre nye. Nokre er store, andre er små. Nokre er rikt utsmykka, andre svært enkle.

Men ulike som desse husa er, har dei likevel to ting til felles: Det eine er at dei som høyrer til eit bestemt hus, gjerne kjenner seg ekstra heime i akkurat det huset. Det andre er at alle husa ligg i same landsbyen. Uansett kva hus ein kjem frå, kjem ein frå landsbyen.

Og det er akkurat det som ligg i tankegodset frå Nils: Vi kan leve godt med å vere usamde om mangt og mykje, så lenge vi er samde om det viktigaste.

Biletet oppe på sida er måla av Leonardo da Vinci, og syner Johannes Døyparen. Kva han hadde fokus på, går fram av biletet. Det heng forøvrig i Louvre, Paris.

Då er vi samde om det viktigaste.