Den 9. september kunne ein i Bergens Tidende lese eit innlegg frå ei kvinne med ei dotter på tolv år. Denne dottera hadde ei jamnaldrande venninne som hadde begynt å gå med hijab, noko denne venninna tydelegvis hata å gå med. Venninna sin nye klespraksis vakte spørsmål hos dottera, som denne kvinna etter beste evne forsøkte å svare på. Peikar til innlegget er lagt ved her.

Eg synest det var eit tankevekkjande innlegg, av fleire grunnar. Fyrst vil eg berømme denne mora for etter det eg kan sjå av det ho skriv, å ha gjort eit ærleg og godt forsøk på å gi dotter si svar på dei spørsmåla ho stilte. Samstundes kan eg ikkje fri meg frå ei kjensle av at bakgrunnen for jenta sine spørsmål, til dels er å finne i den tabloide skildringa av islam som religion som ein finn over alt, både på sosiale media og i meir tradisjonelle media. Ei som har påpeika kor unyansert islam ofte vert framstilt, er spaltisten Lily Bandehy, som i eit innlegg i Nettavisen den 22. august påpeika nettopp dette.

Difor synest eg det var fint å lese tilsvaret til Ingrid A. Buanes som vart publisert i BT den 14. september – peikar til innlegget hennar er her – som på ein god måte oppfordra mora til tolvåringen å bruke litt tid på å finne ut kva grunnar det kan vere for muslimar (nokre – ikkje alle) til å bruke dette plagget.

Det er mi erfaring at meir kunnskap om eit saksområde er eit virkemiddel mot fordommar. Kan hende er det dette siste som gjorde at stortingsrepresentant for FrP frå Hordaland, Silje Hjemdal, fann det naudsynt å gå ut i BT og kritisere Ingrid A. Buanes for innlegget ho skreiv. Peikar til stortingsrepresentanten (som av ein eller annan grunn marknadsfører seg som «barnas stortingsrepresentant») er her.

Den som har lese Ingrid Buanes sitt innlegg, vil truleg reagere på korleis innhaldet i dette er referert i Silje Hjemdal sitt innlegg. Det er inga overdriving å seie at attgjevinga hennar er til dels sterkt avvikande frå det som Buanes faktisk har skrive.

Slike avvik kan ein saktens unnskylde – det er uvisst om det er evnen eller viljen til å forstå det skortar på. Men når stortingsrepresentanten hevdar at Ingrid Buanes ved å oppmode om dialog og auka kunnskap om bruken av hijab gjer seg til ein medspelar med det iranske moralpolitiet, så vert det for dumt. Det får meg til å tenkje på ein annan FrP-politikar, som i si tid framstilte eit fleirtalsvedtak i Stortinget som at Arbeidarpartiet sette omsynet til rettane til terroristar framfor tryggleiken til nasjonen.

For  eigen del er eg rimeleg ambivalent til bruken av hijab. Eg let meg ikkje provosere av damer/jenter som brukar plagget, like lite som eg har noko imot turbanen til ein sikh, eller kippah-en til ein jøde, eit kors i halsgropa på ein politikar eller tv-journalist, eller eit brannskjerf kring halsen på ein bergensar, for den del.

Eg synest det bør vere ein frivillig sak å gå med slike plagg, og eg kan forstå at den slags klesbruk kan vere vanskeleg for dei som føler seg tvungne til å gå med dette. Men å innføre eit forbod mot eitt plagg knytt til ein religion er etter mi meining feil, av fleire grunnar:

Den eine er av prinsippiell karakter, knytt til at ein bør handsame ulike livssyn og religionar likt i samfunnet vårt.

Den andre er også av prinsippiell karakter, og handlar om i kva grad og på kva område samfunnet skal overprøve vala foreldre gjer for sine born.

Den tredje grunnen er at eg har mine store tvil om den slags tiltak på kort og lang sikt vil gjere situasjonen betre for dei familiane og borna som ville blitt råka av eit slikt forbod.

Men ein skal ikkje underslå at bruken av hijab på born kan vere vanskeleg. Så kva kan vi gjere for å gjere situasjonen litt lettare for dei som i dag står i ein situasjon dei opplever som vanskeleg?

Eitt av svara er å opptre med toleranse. I mitt vokabular er toleranse viljen å leve med ubehaget i å verte eksponert for noko ein ikkje likar. I praksis tyder dette å syne vanleg folkeskikk i møte med folk som nyttar hijab, anten dei er små eller store.

Eit anna svar er å fylgje råda til Ingrid Buanes, og skaffe seg meir kunnskap om korleis muslimar sjølve ser på bruken av hijab. Kunnskapar fungerer ofte som ei god motvekt til fordommane vi har.

Og endeleg vil eg dra fram ein person som eg synest har gjort noko svært viktig: Stortingspresident Masud Gharahkhani har på sosiale medier gått ut med ein flengande kritikk av styresmaktene i Iran etter at den 22 år gamle Mahsa Amini døydde etter å ha blitt arrestert av det iranske moralpolitiet for «feil bruk av hijab».

Feil bruk av hijab – er det ikkje det FrP heller ikkje vil ha noko av?

Biletet over syner ei jente med hijab. Biletet er attgitt med løyve. (CC0)

Eit lite plagg til stort besvær – for ein og annan