Det er ei stund sidan no: Eg fekk ein kommentar på noko eg hadde skrive på Facebook. Det eg hadde skrive der, var woke, var det ein som hevda.

Woke – kva var så det? Eg måtte finne det ut. Men sopass forstod eg, at vedkomande som hadde karakterisert det eg skreiv som woke, ikkje akkurat skreiv det i positiv meining.         

Det kan sjå ut som om ordet – som på engelsk kan tyde noko slikt som vakna – i utgangspunktet har vore nytta i tydinga «vakna opp», eller «vere vaken for».

Norsk Wikipedia har ei litt meir utdjupande forklåring, denne kan ein lese her. Dette fell saman med det ein finn om omgrepet i Norsk akademi si ordbok, på Civita si politiske ordbok, der ein også finn litt om korleis omgrepet vert nytta, og  i engelskspråklege ordbøker som til dømes Merriam-Webster Dictionary.

Det kan sjå ut som om bruken av ordet handlar om folk som er vakne for, eller merksame på, urettvise tilhøve i samfunnet, til dømes diskriminering basert på rasisme. Men det er tydeleg at ordet har ulik valør hos folk.

Det er dei som meiner at det dei kallar woke-kulturen, altså at folk agerer på grunnlag av tankar og  verdiar som er forankra i eit fokus på urettvise i eit samfunn, er, eller kan utvikle seg til, eit samfunnsproblem. Innlegget til Martin Lie Jakobsen på subjekt.no kan stå som ein typisk representant for dette.

Andre, som til dømes journalist i Dagsavisen, Geir Rakvåg, har eit anna og langt meir positivt syn på fenomenet woke, slik det går fram av dette debattinnlegget.

Personleg er eg av den meininga at det er viktig å forstå at ein situasjon som ein person ser på som uproblematisk, kan opplevast som djupt urettvis av andre. Og så spørs det: kven skal definere om ein situasjon er urettvis eller ikkje?

Eg fann ein gong ein forløysande tanke, skriven på ein plakat om tvangsekteskap. Der stod det – fritt etter minnet: «Det er kun du som kan avgjere om eit arrangert ekteskap er noko du vil inn i, eller ikkje. Vil du ikkje, er det tvang.» Vidare stod det kontaktinformasjon til nytte for den som måtte ha behov for hjelp til å kome seg ut av situasjonen. Med andre ord: det er den som kjenner på uretten, som kan definere kva som er urett. Og det er heilt legitimt å ta grep for å endre situasjonen.

Eg trur dette er prinsipp som let seg anvende i mange situasjonar: Lat bruken av ordet «neger» stå som eit døme. Dette er eit ord eg sjølv har brukt om personar, utan nokon sinne å ha lagt noko som helst nedverdigande i det. Men det faktum at ordet er knytt til dehumanisering av mørke afrikanarar som vart sende over Atlanterhavet og selde som slavar, gjer at eg bør kunne ta inn over meg at folk betakkar seg for å verte omtalte på denne måten. Eg bør kunne ta konsekvensen av det, og eg prøver. Eg trur det er mange år sidan eg har nytta ordet som nemning på ein person.

Det kan vere freistande å nemne eit anna område, der einskilde vil ha det til at den sokalla woke-kulturen har fått for stor plass. Det gjeld «me too-rørsla», som i ei tid har sett seksuell trakassering av kvinner på dagsordenen. Eg trur det er mange som har hatt nytte av at nokon vågde å ta eit oppgjer med ein kultur som – forsiktig uttrykt – var lite respektfull ovanfor kvinner, og kvinner sin råderett over eigen kropp.

Og sidan vi er inne på dette med kropp og kjønn, kan det høve å sneie innom eit anna emne, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Eg konstaterer at folk som opplever ein annan kjønnsidentitet enn det biologiske kjønnet dei har, i stor grad vert stigmatiserte, både i fysiske møte med andre menneske, men i også digitalt, på sosiale media.

For eigen del må eg innrømme at eg kan verte forvirra når eg ser ein person med alle fysiske teikn på at vedkomande er mann, gå rundt med falske bryster og  parykk, og iført kvinneklede. Det kan vere ubehageleg å vere forvirra. Men skal denne personen måtte svi for at eg er forvirra? Og skal vedkomande måtte finne seg i at utanforståande skal definere kva identitet hen har? (Berre for å ha det sagt: Her fekk eg eit godt høve til å nytte det utskjelte ordet «hen» på ein måte som eg synest er meiningsfull.)

Eg synest det må vere legitimt for folk som føler på urett, å ta eit oppgjer med uretten. Like legitimt synest eg det må vere at andre stiller seg solidarisk med desse, og det er der eg kjenner på at det må vere greitt å vere woke. For i dette omgrepet ligg nettopp eit ynskje om å stille opp for andre, og ein vilje til å gjere det. Det ser eg ingen grunn til å skjemmast over.

I den grad ein bør skjemmast, er det heller med utgangspunkt i saker som så definitivt er urettvise, men som altfor få ser ut til å bry seg med. Lat meg ta eit kjapt døme: global skeivfordeling av mat, helsehjelp og alt anna som er livsviktig for oss alle. Kvar ei dei woke der? Sluttar engasjementet når vi forstår at naudsynte endringar vil ha konsekvensar for oss sjølve som vi ikkje synest om?

Eller rettare sagt: Kvar er vi woke?

Og kvar er dei som kritiserer woke-rørsla?

Hurra – eg er woke! (Men eg bør kan hende skjemmast litt…)