D’er haust, det ruskar ute, med regn og kalde vind.
Småfuglen flyg mot rute, og ville gjerne inn.
Men under omnen god, der ligg på sekkepute,
han gamle Mons i ro.

Dette verset, henta frå Arne Garborg si «Haugtussa», møtte eg for fyrste gong i ei skjønnskriftbok på folkeskulen. Verset har fylgd med meg i alle år sidan. Det er noko med stemninga i det. Eg ser for meg regnet som trommar på stoveglaset, og kjenner liksom varmen som strøymer mot meg frå omnen. Haustidyll.

Ja, vi har det jammen godt her til lands – dei fleste av oss, i det minste. Varme hus, nok mat på bordet, meir enn det vi treng av klede, og elles tilgjenge til mykje som vi kan glede oss over, og som gir dagane våre eit løft.

Tenk å sitje framfor peisen i lag med nokon du gjerne vil vere saman med, nyte varmen, kan hende ta eit glas vin, ha ei god bok i fanget, lytte til vakker musikk. La tankane vandre.

Til dømes kan vi tenkje på folk som ikkje har det så bra som vi. Folk som lever i krig, til dømes, eller som har rømt frå krigen. Vi skal ikkje så langt unna for å finne slike. Kan hende ikkje lenger enn til eige nabolag.

Det siste året har det kome mange flyktningar frå Ukraina til oss. Dei er tekne vel i mot, og godt er det. Mange har engasjert seg for at dei skal kjenne seg heime, både private, frivillige organisasjonar, kyrkja og det offentlege. Det synest eg det står respekt av.

Lite har eg høyrt frå dei som tidlegare hardnakka hevda at «vi må hjelpe flyktningane der dei er». Lite har eg registrert at dei ukrainske flyktningane er blitt kalla «lykkejegarar», eller at det har vore problematisk at det norske samfunnet brukte pengar på å hjelpe dei. Heldigvis.

Men eg har ikkje gløymt kva som skjedde – og framleis skjer – med folk som kjem andre stader frå, til dømes migrantar frå Afrika, Midt-Austen, Afghanistan. Eg hugsar smerteleg klårt korleis desse vart – og framleis vert – omtalt av ein del nordmenn. Og eg konstaterer at den varme velkomsten som er blitt våre ukrainske vener til del, ikkje vart gitt desse.

Ein kan alltids spekulere i moglege årsaker til skilnadane. Eg kjem på ein: Ukrainarane er europearar og kristne. Dei andre har ein annan etnisk og til dels religiøs bakgrunn. Kva kan ein så kalle grunnane til slik forskjellsbehandling?

Og så tenkjer eg litt på folk her til lands, som rett nok fordømmer krigen i Ukraina, men som meiner at den var provosert fram av Vesten, av di det var lagt opp til at Ukraina skulle få høve til å knyte seg tettare opp mot vestleg samarbeid, i EU og kan hende etter kvart i NATO. Nokre meiner også at Vesten ved å utstyre Ukraina med våpen og å gi dei anna hjelp, bidreg til ei forlenging av krigen og dermed større lidingar for folket i Ukraina.

Når det gjeld den siste påstanden, får eg assosiasjonar til ein dansk politikar, Mogens Glistrup. Han gjekk til val på at dansk byråkrati og statlege tenester elles skulle bort i størst mogleg grad. Det danske forsvaret skulle reduserast til ein mann, utstyrt med ein telefon. Dersom Danmark vart  hærteke, skulle vedkomande ta telefonen og ringe til angriparen og seie «Vi overgjev oss!» – på russisk!

Når det gjeld spørsmålet om vestleg støtte til det krigførande Ukraina, registrerer eg  at dei som hever sin moralistiske peikefinger og meiner at Vesten skulle late dette vere, neppe kan ha brydd seg særleg mykje om kva ukrainarane sjølv meiner om saka. Etter det eg kan sjå, har president Volodymyr Zelenskyj stor støtte blant sine innbyggjarar når han bed om hjelp utanfrå. Og for eigen del kjenner eg folk andre stader frå, mellom anna frå Baltikum, som har gitt uttrykk for at dei i liten grad stolar på at vår felles store nabo vil halde seg innanfor eigne grenser dersom kostnadene ved å gå over grensene vert vurdert som ikkje så store. Dermed vert det viktig å syne at ein ikkje har planar om reservasjonslaust å gi seg over

For eigen del skal eg ikkje påstå at Russland har planar om å hærta fleire land enn Ukraina, men ein må vere rimeleg blind på begge augene for ikkje å ha fått med seg at den slags mangel på tillit gjer seg gjeldande i fleire land enn tidlegare Austblokkland. Lat Finland og Sverige stå som døme på dette.

Så er det dei som synest det er ille at Noreg tener store pengar på krigen, både gjennom sal av våpen, men også gjennom prisane ein oppnår på olje- og gassmarknaden. «Krigsprofittørar» er det dei som hevdar at vi er.

Eg kan forstå dette, og eg synest også det er umoralsk at vi håvar inn store fortenester på grunn av ein så ulykksalig situasjon som krigen i Ukraina er. Difor har eg stor sans for dei som meiner at rike Noreg burde pløye meir av desse pengane inn i tiltak til hjelp for dei som lider under krigssituasjonen.

Det bør vi gjere. Humanitært arbeid til gagn for både flyktningar frå og internt fordrivne i Ukraina burde få meir støtte. Dei som sit internert i flyktningeleirar i Hellas, Tyrkia, eller som er internt fordrivne i land i Midt-Austen likeså.

Det er mykje ein kan nytte det uventa overskotet til, og det bør vi, for det er ikkje alle som kan seie: «Vi har det jammen godt her til lands…»

Vi har det jammen godt her til lands…