Prinsippet om at alle menneske er like mykje verdt, er inga naturlov. Det er eit verdival. For eigen del meiner eg at alle menneske er like mykje verdt, og eg trur nok at dei fleste eg møter på min veg meiner det same. I teorien, i det minste.

Men teori og praksis er ikkje alltid det same. I praksis skjer det stadig brot på prinsippet om at alle har same verd, gjennom ulike handlingar folk utfører. Desse handlingane kan ein samle under omgrepet «krenkingar». Krenking er å utsetje  andre for handlingar som signaliserer at dei på grunn av den dei er, eller på grunn av gruppa eller gruppene dei vert knytt til, ikkje har same verde som den eller dei som krenkar.

Det har ingen ting å seie om den som vert utsett for krenkande handlingar, vert såra, opprørt eller sinna for det som har skjedd, eller kan hende vel å sjå vekk frå det vedkomande er blitt utsett for. Kravet om ikkje å utføre krenkjande handlingar er ikkje annleis enn andre lovfesta krav til den einskilde. Det skal fylgjast. Så enkelt er det. Og så vanskeleg er det for einskilde, kan det sjå ut som.

Å krenkje nokon er altså å sende eit signal om at vedkomande av ein eller annan grunn er mindreverdig. Soleis er krenking også ei aktiv motarbeiding av prinsippet om at alle menneske er likeverdige.

I skrivande stund ( november 2022 ) er media svært opptekne av ein situasjon som oppstod på ein utestad i Oslo, der komikaren Atle Antonsen framstår i eit grelt rampelys etter å ha trakassert norsksomaliske Sumaya Jirde Ali der.

At Atle Antonsen har møtt hard kritikk for framferda si, har falle ein del tungt for brystet. I ein artikkel på nrk.no kan ein lese litt av det folk har fått seg til å skrive om og til Sumaya Irde Ali på sosiale medier. Andre skriv litt meir finsleg, som til dømes at «I denne krenkealderen er det ikkje grenser for kor lite nokre av oss toler. Det er snart ikkje lov å seia Bøh! utan at politiet skal bruka tid på det som ikkje er nokon verdens ting. For, det er bagatellar folk kjem drassande med til politiet.» Implisitt: sopass får vedkomande tole.

Eg er sterkt usamd i dette siste. Eg synest ikkje nokon, anten vi vert ramma av krenkingane eller ikkje, skal akseptere at folk tek seg retten til å krenke andre. Slik framferd er angrep på viktige verdiar i samfunnet vårt. Og eg synest at dei som bagatelliserer krenking som fenomen, aktivt motarbeider desse verdiane.

I Store norske leksikon sin artikkel om  diskriminerande og hatefulle ytringar kan ein lese fylgjande om §185 i Straffelova : «Paragrafen kalles gjerne rasismeparagrafen, men denne betegnelsen er upresis: Lovparagrafen er ikke bare rettet mot rasistiske ytringer som rammer personer med en annen hudfarge eller annen etnisk eller nasjonal opprinnelse. Den er blitt utvidet i flere etapper. I dag etablerer den et bredt forbud mot hatytringer som har sammenheng med: hudfarge eller nasjonal eller etnisk opprinnelse, religion eller livssyn, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, eller nedsatt funksjonsevne.»

Dette er eit viktig moment. I ein diskusjon på Facebook var det dei som hevda at framferda til Atle Antonsen ikkje kunne kallast rasistisk, av di alle menneske tilhøyrer same rase. Etter mitt syn er dette semantisk pølsevev. Omgrepet «krenking» er ikkje utelukkande knytt til hudfarge og etnisitet. Lat #metoo-rørsla stå som ei ubehageleg påminning om det.

Så er det dei som ynskjer å bagatellisere problemstillingar knytt til #metoo også. Eg prøvar å forstå kvifor dei gjer det, men slit litt med å unngå å tru at desse lettare identifiserer seg med overgriparane enn med offera. Det er nok fordi eg veit både kjønn og alder til ein del av desse som gjev uttrykk for at #metoo-rørsla ikkje er stort å bry seg om. Samstundes skal eg vakte meg for å generalisere, for eg veit det finnest unntak. Meg sjølv, til dømes, som også er ein eldre, kvit mann.

Eg støttar fullt og heilt tankegodset som ligg bak #metoo-rørsla. Å bruke makt for å krysse andre menneske sine intimgrenser, er og blir eit krenkande overtramp.

Så skal ein ikkje vere blind for at også eit prinsipp om at krenking  ikkje er akseptabelt, kan misbrukast i eit maktspel mellom to partar. Det er nokonlunde same problemstilling som med misbruken av omgrepet «mobbing». Den slags skal ein vere på vakt for. Å ha definisjonsmakta er eit stort fortrinn i ein konflikt. Det har eg skrive litt om i denne artikkelen.

Fotografiet oppe på sida syner ei ung jente frå India. Biletet er attgitt med løyve (CC0).

Krenking er eit angrep på verdiane våre